Skriftlig spørsmål fra Terje Breivik (V) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1042 (2015-2016)
Innlevert: 04.05.2016
Sendt: 04.05.2016
Besvart: 13.05.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Terje Breivik (V)

Spørsmål

Terje Breivik (V): Vil samferdsleministeren sikra at lang tunell langs riksveg 13, Granvinsvatnet, vert vurdert som reelt alternativ når vegen likevel må utbetrast?

Begrunnelse

Riksveg 13 langs Granvinsvatnet ved Holven raste ut onsdag 27.04.2016. Rasstaden ligg like ved utløpet til den nye Jobergstunellen som er under oppføring og planlagt opna sommaren 2017. Førebelse vurderingar frå Statens Vegvesen tyder på at permanent utbetring av rasstaden vil ta mange månader. Riksveg 13 langs Granvinsvatnet er eit av dei viktigaste aust-vest hovudsambanda mellom dei to største byane i Norge. Vegen har like avgjerande funksjon som del av det indre nord-sør sambanet, og er ein av hovudferdsleårene for indre Hordaland. Grunnforholda langs Granvinsvatnet er så dårlege, godt dokumentert av gjentekne hendingar opp gjennom historia, at dagløysing for å utbetre dagens rasstad i regelen er enten å utsetja problemet og/eller å forflytta neste vegstenging til ein annan stad langs vatnet. Mykje talar difor for at ein lang tunell langs heile Granvinsvatnet er den sikraste, og på sikt, truleg rimelegaste løysinga.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Utglidinga av massar i Granvinsvatnet onsdag 27. april 2016 skjedde i samband med bygginga av skredsikringsprosjektet rv 13 Joberget. I samband med planlegginga av prosjektet vart det utført grunnboringar, og det vart konkludert med at det var forsvarleg å leggje den nye vegen i eksisterande trase langs Granvinsvatnet. Etter utglidinga er det gjort fleire grunnboringar i området. Når resultata er analyserte, vil det bli avklart om området som har glidd ut, er stabilt nok til å fyllast opp att med stein slik at vegen kan byggjast som planlagt. Dette vil vere den raskaste og minst kostnadskrevjande løysinga. Dersom dette ikkje er mogeleg, vil Statens vegvesen vurdere andre løysingar både ut frå kostnader, risiko og trafikkavvikling.
Lang tunnel forbi heile Granvinsvatnet slik som representanten Breivik ønskjer, vil innebere at Jobergtunnelen må forlengjast med om lag 4 km. Det er for tidleg no å seie om det er aktuelt å vurdere ei slik løysing.