Skriftlig spørsmål fra Janne Sjelmo Nordås (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1270 (2015-2016)
Innlevert: 10.06.2016
Sendt: 13.06.2016
Besvart: 20.06.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Janne Sjelmo Nordås (Sp)

Spørsmål

Janne Sjelmo Nordås (Sp): Eg syner til at kontrakten på strekninga Øye-Eidsbru var vesentleg lågare enn planlagt i gjeldande NTP og lurer på om statsråden, for å sikre samanhengande og kostnadseffektiv bygging, vil framskunda oppstart av delstrekninga Øye-Turtnes?

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: I Meld. St. 26 (2013-2014) Nasjonal transportplan 2014-2023 er det lagt til grunn eit kostnadsoverslag for prosjektet E16 Øye – Eidsbru på 450 mill. 2013-kr. Rekna om til 2016-prisnivå utgjer dette 482 mill. kr. I følgje Statens vegvesen tilseier inngått kontrakt ein sluttkostnad på om lag 520 mill. 2016-kr. Kostnadsoverslaget er følgjeleg framleis høgare enn føresett i Nasjonal transportplan 2014-2023, sjølv om auken ikkje er så stor som lagt til grunn i Prop. 1 S (2015-2016). Statens vegvesen opplyser dessutan at prognosen for sluttkostnad enno ikkje er nedskriven. Dette vil først bli vurdert når anleggsarbeida har pågått nokre månader.

Ei utviding av prosjektet E16 Øye – Eidsbru vil såleis føre til ytterlegare kostnadsauke i forhold til overslaget i Nasjonal transportplan 2014-2023. Dette betyr igjen at prioriterte prosjekt må utsetjast. Eg føreset derfor at prosjektet E16 Turtnes – Øye blir gjennomført som eit sjølvstendig prosjekt på eit seinare tidspunkt, akkurat slik representanten Nordås' parti da også la til grunn i sine prioriteringar for Nasjonal Transportplan . Prosjektet vil følgjeleg bli vurdert i arbeidet med Nasjonal transportplan for perioden 2018-2029, på lik linje med andre aktuelle prosjekt på riksvegnettet.