Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til kulturministeren

Dokument nr. 15:1427 (2015-2016)
Innlevert: 08.08.2016
Sendt: 08.08.2016
Besvart: 15.08.2016 av kulturminister Linda Hofstad Helleland

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Korleis ser statsråden på utviklinga innanfor bingospel dei siste åra med tilhøyrande konsekvensar for frivilligheita, og vil regjeringa i den varsla spelmeldinga legge større vekt på at ulike aktørar i spelmarknaden i framtida får operere under like rammevilkår?

Begrunnelse

Bingo er ei viktig inntektskjelde for frivillige lag og foreiningar i Noreg. 3387 lag og foreninger mottok midlar frå Bingo i 2015. Alle lag og organisasjonar som har ein bingolisens kan delta i bingospel, og det er kun tillatt med éin lisens per lag eller organisasjon.
Andre store aktørar innanfor norsk spel, som Norsk Tipping og Rikstoto, har fått høve til å fornye seg, medan dette ikkje har vore tilfelle for bingo. Sidan 2011 har det vore ein stor nedgang i omsetnaden for bingohallane. Om dette skuldast at folk spelte mindre totalt, kunne ein gjerne sett på dette som positivt, men det er grunn til å tru at mykje av nedgangen skuldast auka konkurranse, mellom anna frå utanlandske aktørar og Norsk Tipping si plassering av automatar i bingohallane.
Sidan førre stortingsmelding om spelpolitikken, har landskapet endra seg. Pengespel har flytta seg inn på nye, digitale plattformar, noko Norsk Tipping, men ikkje bingo, har fått ta del i. Sidan 2009 har omsetnaden for bingo gått ned med 34,5 prosent. Det medfører tapte inntekter for frivilligheita på nærare 600 millionar kroner. For lokale lag og foreiningar er inntektene frå bingo ofte ei av få inntektsstraumar som er frie midlar, og ikkje avgrensa til spesifikke prosjekt eller føremål.
Denne inntektsstraumen har difor viktig for å finansiere den daglege drifta for mange organisasjonar.

Linda Hofstad Helleland (H)

Svar

Linda Hofstad Helleland: Føremålet med gjeldande regulering av bingo er å sikre at slik verksemd skjer innanfor samfunnsgagnleg forsvarlege rammer. I tillegg skal bingo vere ein sosial møteplass og ei inntektskjelde til drift av lokale lag og foreiningar.
Hausten 2010 vart det vedteke fleire endringar i forskrift 30. november 2004 nr. 1528 om bingo. Endringane skulle sikre at bingo finn stad innanfor samfunnsgagnleg forsvarlege rammer og ikkje fører til nye speleproblem. Det vart òg fastsett spelereglar for Belago, som er ein spesialtilpassa spelterminal som er utvikla for Norsk Tipping til bruk i bingohallar. Meininga med dette speltilbodet var å erstatte dei tidlegare bingoautomatane, og det nye tilbodet skulle sikre at spel i bingohallar skjer på ein måte som er sosialt ansvarleg.
Den norske pengespelmarknaden har ein struktur der det er Norsk Tipping og Norsk Rikstoto som skal tilby dei største pengespela. Både EFTA-domstolen og norske domstolar har konkludert med at ein slik modell er i samsvar med EØS-avtalen. Noreg kan samstundes ha ein avgrensa privat lotterimarknad ved sidan av einerettsmodellen. Ein føresetnad for dette er at det er dei statlige kontrollerte aktørane som tilbyr dei pengespela som har størst omsetjing og størst fare for å utvikle speleproblem. Dette skal sikre tilstrekkeleg offentleg kontroll. Reguleringa av bingomarknaden speglar desse føresetnadane.
I budsjettinnstillinga Innst. 14S (2015 – 2016) bad fleirtalet i Familie- og kulturkomitéen (medlemane frå Høgre og Frp) regjeringa om å sjå nærare på rammevilkåra for bingo og at dette temaet bør handsamast grundig, seinast i den varsla stortingsmeldinga om pengespel. Eg vil difor kome tilbake til dette i meldinga, som regjeringa etter planen skal fremje for Stortinget innan utgangen av 2016.