Jenny Klinge (Sp): Deler statsråden Elvenes sin analyse av den store grensekryssande kriminaliteten inn til Noreg og av at politiet i Noreg aldri har vore så pressa, og vil statsråden vurdere å innføre ein fungerande grensekontroll for å få kontroll på den grensekryssande kriminaliteten?
Begrunnelse
Høgres representant i justiskomiteen, Hårek Elvenes, skriv i Nationen 01.09.2016 at politiets utfordringar aldri har vore større. Han skriv òg at kriminaliteten no «krysser landegrensene med lysets hastighet». Senterpartiet har mange gongar peikt på at manglande personkontroll ved grensene er eit stort problem, men fleirtalet på Stortinget har ikkje ønska å gjeninnføre passkontrollen for reisande frå Schengen-området. Dette trass i at mobil kriminalitet aukar og at yttergrensene til Schengen mange stader lek som ein sil. Fri flyt av folk har som ein konsekvens fri flyt av kriminalitet, og no er situasjonen at ein både manglar kontroll med kven som held til i Schengen-området og kven som reiser til landet vårt.