Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:1659 (2015-2016)
Innlevert: 28.09.2016
Sendt: 29.09.2016
Besvart: 06.10.2016 av utenriksminister Børge Brende

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Når vil utanriksministeren følgje opp fleirtalsmerknaden til RNB som føreset at tilskotsordninga 164.72 Utvikling og nedrusting vert utlyst i 2016?

Begrunnelse

Eit samrøystes Storting forventar at regjeringa vidarefører det norskstarta humanitære initiativet på atomvåpen. Regjeringa har i følgje Utanriksministeren sitt svar på skriftlig spørsmål nr. 1369 i løpet av si tid i Utanriksdepartementet berre inngått ei ny avtale med ein NGO om støtte til arbeid for å fremje det humanitære initiativet. Per i dag har berre Norske leger mot atomvåpen norsk støtte til slikt arbeid. Ingen internasjonale NGO-aktørar har slik støtte lenger, og heller ikkje International Campaign to Abolish Nuclear Weapons (ICAN) som er sentrale sivilsamfunnsaktør i det humanitære initiativet. Dette skjer på eit kritisk tidspunkt i det humanitære initiativet, som til hausten er venta å føre til ein FN-resolusjon om oppstart av forhandlingar om et forbod mot atomvåpen. Utan eit sterkt og engasjert sivilsamfunnsengasjement er det vanskeleg å skape framdrift. Fleirtalet på Stortinget samla seg difor om ein merknad til RNB som føreset at tilskotsordninga 164.72 Utvikling og nedrusting vert utlyst også i 2016.

Børge Brende (H)

Svar

Børge Brende: Utanriksdepartementet kunngjer årleg tilskotsordninga 164.72 Utvikling og nedrustning.
Målet med ordninga er å styrke kapasiteten i utviklingsland til å følgje opp og gjennomføre internasjonale skyldnadar innan nedrustning og ikkje-spreiing. Ein annan målsetnad er å styrke kompetanse og kapasitet i både FN-systemet og det sivile samfunn til å fremje arbeidet for nedrustning og ikkje-spreiing.
Tilskotsordninga vart utlyst 4. oktober 2016.