Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden gjere greie for korleis rett til synsrehabilitering etter hjerneslag er regulert, stemmer det at NAV ikkje gir tilbod om synsrehabilitering dersom det berre er delvis synsfeltutfall, og er det i tilfelle planlagt ei revidering av desse reglane, og kan statsråden informere om kva som blir gjort for å styrke kompetansen om synsrehabilitering hos NAV?
Begrunnelse
Regjeringa har fremma ein opptrappingsplan for rehabilitering og habilitering. Det er lova at opptrappinga særleg skal merkast i kommunane. For hjerneslagpasientar er det eit problem at synsrehabilitering er vanskeleg tilgjengeleg, medan behovet er svært stort. Det meldast om store problem med å finne fram i NAV-systemet for desse pasientane, mange får ikkje nokon tilbod i heile tatt, og regelverket verkar ikkje tilpassa pasientanes sitt behov.