Kjersti Toppe (Sp): Vil justis- og beredskapsministeren informere Stortinget om departementet er kjent med ein praksis ute i politidistrikta der politifolk får beskjed om å unnlate å gripe inn mot personar mistenkt for grove narkotika brotsverk fordi dei ut frå ressurssituasjonen må prioritere ressursane mot andre meir prioriterte område slik som vold- og overgrepssaker, kva vil statsråden foreta seg i saka og kan statsråden fremje statistikk over slike saker dei siste åra i dei ulike politidistrikta?
Begrunnelse
Viser til oppslag i VG og BT ( 12/11 -og 13/11-16) om ei ny varslarsak i Bergenspolitiet. Politifolk har i følgje varslaren gjennom fleire år har fått ordre om å la vere å gripe inn mot grov narkotikakriminalitet. Det blir vist til fleire konkrete eksempel, blant anna at politispanarar blei bedt om å avbryte ein aksjon kor dei med stor sikkerheit var i ferd med å beslaglegge fleire kilo amfetamin. Bergen har i mange år vore høgt på overdosestatistikken. Ved stenging av Nygårdsparken som open russcene, var politiet svært aktive med å vise bort rusavhengige og gi 10 000 kroners bøter til narkomane. At politiet samstundes lar alvorlege narkotikalovbrot gå fri, er fullstendig uakseptabelt og rokkar ved sjølve tilliten til politiet.