Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:319 (2016-2017)
Innlevert: 30.11.2016
Sendt: 30.11.2016
Besvart: 05.12.2016 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden gjere greie for kva som har vore importkvotene for kvart MUL- og mellominntektsland for kjøtt og meieriprodukt dei siste fem åra, kva som har vore importert kvantum for kjøtt og meieriprodukt frå kvart av desse landa, og kva som er årsaka til at importert kvantum frå land som Namibia ligg under importkvota?

Begrunnelse

Viser til svar frå Landbruks- og matministeren av 24.11.2016. Ut frå svaret kan ein slutte at det er heller få MUL-land og mellominntektsland som sel matvarer til Noreg. Det er difor interessant å finne ut kvifor Noreg importerer mindre frå desse landa enn kvotane skulle tilseie.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Noreg har toll- og kvotefri marknadstilgang for alle jordbruksprodukt frå dei minst utvikla landa, såkalla nulltoll-land.

Noreg har vidare sju importkvoter for kjøt frå andre u-land. Kvotene går fram av vedlegget. Tabellen viser at dei to importkvotene for storfekjøt frå Namibia/Botswana og kvota for import av storfekjøt frå Swaziland er svært godt utnytta.

Kvota for biffar og filetar frå alle u-land som er ein del av GSP-systemet, er ikkje utnytta fullt ut dei seinare åra. Dette skuldast både marknadssituasjonen i Noreg og forbrukarane sine preferansar. Kvotene for småfekjøt frå Namibia, Botswana og Swaziland, hermetisk skinke og tunge og Corned beef er dels lite utnytta slik vedlegget viser. Utnyttinga av desse kvotene har på same måte samanheng med marknadssituasjonen og preferansar.

Noreg har ikkje etablert importkvoter for meieriprodukt frå u-land. Importen av slike produkt frå u-land er marginal.

Vedlegg til svar:

Lenke til vedlegget i pdf-format