Kjersti Toppe (Sp): I Prop. 118 L ( 2012-2013) vart det lagt til grunn at endringane i pasient - og brukerrettighetsloven skulle følgje-evaluerast. Dette for å sikre at pasientar ikkje må vente for lenge på behandling, etter at pasienten er vurdert. No har den nye ordninga virka i eitt år.
Har regjeringa følgje-evaluert ordninga, kva er resultatet og vil regjeringa vurdere endringar i lova for å hindre tilstandar som på OUS der det blir rapportert om juks med dei offisielle ventelistene for å unngå fristbrot og spare pengar?
Begrunnelse
Viser til oppslag i TV2 der ein overlege varslar om at OUS triksar med ventelistene. Beskjeden skal i følgje TV2 komme frå direktørens stab. Tilsette har fått munnleg beskjed om å manipulere med ventelistene ved at ein plasserer pasientar til utreiing i staden for til behandling. Slik unngår sjukehuset fristbrot, og sparar pengar. Andelen pasientar som går rett til vurdering, er sterkt aukande.