Skriftlig spørsmål fra Janne Sjelmo Nordås (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:419 (2016-2017)
Innlevert: 16.12.2016
Sendt: 19.12.2016
Besvart: 04.01.2017 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Janne Sjelmo Nordås (Sp)

Spørsmål

Janne Sjelmo Nordås (Sp): Korleis meiner statsråden kommunen bør gå fram ovanfor SVV slik at dei naudsynte avklaringane som må på plass kring vegklassifisering, regulering av vedteken vegtrase og at SVV som grunneigar ikkje vert til hinder for ein kommune som satsar på næringsutvikling med bruk av statlege midlar og med trafikken langs vegen som eit av sine fortrinn?

Begrunnelse

Ved bygging av El6 Lærdalstunnelen vart ein del massar frå tunnelarbeidet gjort tilgjengeleg for Lærdal kommune slik at dei kunne etablere eit næringsareal rett i nærleiken av El6 og tunnelen på eit område kalla Håbakken i Lærdal. Området vart regulert og fleire næringsaktørar har etablert seg. Kommunen har dei siste åra hatt nedgang i tal arbeidsplassar som fylgje av redusert tilbod ved Lærdal sjukehus, og at Telenor sin «Opplysningen», seinare 1881, vart nedlagd. Kommunen fekk då status som omstillingskommune, og tilgang til ein del statlege verkemiddel. Eitt av dei viktigaste prosjekta i omstillingsarbeidet har vore å utvikla næringsarealet på Håbakken, og einer no godt i gang med reguleringsarbeidet. Statens Vegvesen (SVV) er ein viktig aktør både som eigar av kontrollstasjon for tungtrafikk på områder, og som vegstyresmakt. I møte med representantar frå SVV Region Vest har no kommunen fått opplyst at vegstrekka som næringsarealet ligg ved skal omklassifiserast frå H2 til H4, noko som medfører at handel og liknande aktivitet ikkje kan ligga så tett i vegen som planlagd og at moglegheitene for avkøyrsler vert redusert. I tillegg er det knytt uvisse til framdrifta på den siste parsellen for El6 gjennom Lærdal, der ein har vedteke trasevalet gjennom kommunedelplan, men ikkje løyvd midlar til reguleringsplan. Ein reguleringsplan for den siste parsellen hadde gjort utviklinga av området meir føreseieleg.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Eg vil fyst vise til at Statens vegvesen har samarbeida med Lærdal kommune om viktige vegprosjekt både når det gjeld E16 og Rv5. Vegvesenet beskriv samarbeidet som godt.
Statens vegvesen sine innvendingar mot reguleringsplanen rettar seg ikkje mot bruken av området til næringsutvikling. I første rekke handlar det om tilknytingstilhøva frå dette arealet og inn på E16, og sjølve standarden på vegen.
E16 er ein viktig samanbindingsveg mellom austlandet og vestlandet. Dei krava som fylgjer av dette når det gjeld breidde og sikringssone er viktige for å hindre møteulukker og å sikre gåande og syklande. Det er ikkje stor forskjell i sikringssone mellom dei to vegklassane H2 og H4.
Statens vegvesen set seg ikkje imot at det vert etablert kryss inn mot næringsarealet, men av trafikksikringsomsyn legg etaten stor vekt på at kryss ikkje skal ligge for nært kvarandre.
Statens vegvesen sin kontrollstasjonen for tungtrafikk frå 2009 ligg i det planlagde næringsarealet. Dersom Lærdal kommune ynskjer å flytte denne, finn eg det ikkje urimeleg at Statens vegvesen ber kommunen eller utbyggar om å dekke dei kostnadene dette vil innebere.
Alt i alt synes eg ikkje Statens vegvesen skapar unødige vanskar i høve til Lærdal sine moglegheiter til å utvikle dette næringsområdet ut frå gjeldande omstende, og vonar at kommunen og Statens vegvesen gjennom vidare dialog finn løysingar som best mogeleg kan imøtekome begge partar.