Kjersti Toppe (Sp): Meiner statsråden at nettstaden skolesyk.no og videokonsultasjon for å få legeerklæring ved fråvær i vidaregåande skule er ei fagleg god og ønska utvikling i tråd med målet om pasientens helseteneste, eller vil regjeringa ta initiativ til eit fagleg tilsyn med tilbodet, og vil denne situasjonen føre til at regjeringa revurderer heile praktiseringa av fråversreglane i vidaregåande skule?
Begrunnelse
Etter at dei nye fråværsreglane i vidaregåande skule blei innført 1.august i fjor, har det dukka opp legetenester på nett som rettar seg mot elevar i vidaregåande skular. Bergensavisen skreiv 24/1-16 at nettsida skolesyk.no har hatt 500-600 videokonsultasjonar med elevar sidan oppstartinga i september.