Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1128 (2016-2017)
Innlevert: 16.05.2017
Sendt: 18.05.2017
Besvart: 24.05.2017 av forsvarsminister Ine Eriksen Søreide

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Korleis vil regjeringa sikre at AIM SF vert sett i stand til å konkurrere om kontraktar knytt til vedlikehald av Forsvaret sine fly og helikopter i framtida?

Begrunnelse

AIM sysselset om lag 400 høgkompetente og spesialiserte arbeidstakarar innan vedlikehald av Luftforsvaret sine fartøy. Ei av grunngjevingane frå Forsvarsdepartementet ved omdanninga til AIM SF, var at AIM skulle setjast i stand til å konkurrere om framtidige vedlikehaldsoppdrag. I samband med innkjøp av nye fly og helikopter, har det likevel av ulike årsaker, resultert i at AIM både har er utestengde frå vedlikehald på Bell 412 og NH90. Dette er i staden sett ut til aktørar i Finland og Italia. I forsvaret sine eigne utlysingar er det sett krav til lisens frå produsent, noko som automatisk ekskluderer AIM.

Dersom AIM heller ikkje får tyngre vedlikehald på F-35, set det heile framtida til AIM og 400 arbeidsplassar i fare. Permitteringsvarsel er alt sende ut.

Så lenge AIM var ein del av Forsvaret var det automatisk lisensiert for vedlikehaldsoppdrag, dette er endra etter at selskapet no er gjort om til SF. Desse konsekvensane var ikkje gjort tydeleg for Stortinget då ein handsma saka om omdanning av AIM til SF.

Ine Eriksen Søreide (H)

Svar

Ine Eriksen Søreide: Eg viser til brev frå Stortingets president av 18. mai 2017 med spørsmål frå stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete om Aerospace lndustrial Maintenance Norway AS (AIM Norway).

AIM Norway er ein viktig del av norsk forsvarsindustri, og vedlikehald av luftsystem er eit av dei prioriterte teknologiske kompetanseområda i den nasjonale forsvarsindustrielle strategien, jf. Meld. St. 9 (2015-2016).

AIM Norway har sidan omdanninga til eit selskap i 2011 vunne fleire viktige kontraktar. Mellom anna vedlikehald av dei nye redningshelikoptera, produksjon av halevingar til F-35 samt at AIM Norway er ein av tre aktørar i Europa som har blitt gjeve høve frå amerikanske myndigheiter til å etablere eit motordepot for dei nye kampflya.

Leverandørane av luftmateriell (Original Equipment Manufacturer, også kalla OEM'ar) ynskjer i aukande grad å ta ein større del av vedlikehaldsmarknaden. Vidare er det leverandørane sjølve som eventuelt kan gje ein såkalla OEM-lisens til andre selskap, som til dømes. AIM Norway, for å kunne utføre vedlikehald. Men OEM'ane ynskjer å snevra inn konkurransen. Dette gjer at moglegheitene for selskap som AIM Norway til å oppnå lisens på eiga hand i ein del høve kan vere vanskeleg sidan det i praksis vil føre til ein ytterlegare konkurrent for OEM'en. Alternativt kan Forsvarsmateriell godkjenne leverandørar, men det kan være utfordrande i ein del høve. Mellom anna vil det føre til auka ressursbruk og stiller auka krav til administrasjon og oppfølging av kontrakten. Ved anskaffing av nytt materiell kan det stilles krav til at nasjonale selskap skal få OEM-lisens, men dette blei ikkje gjort da NH 90 blei kontrahert.

Forsvarsdepartementet (FD) ser no på korleis myndigheitene kan vere med på å posisjonere AIM Norway og resten av norsk industri til å få dei riktige lisensane og sertifiseringane i framtida. Ein levedyktig og sterk forsvarsindustri i Norge er viktig for regjeringa.