Kjersti Toppe (Sp): Kva er bakgrunnen for at asylmottaket i Ullensvang herad i Hardanger må legge ned si verksemd i oktober etter at det har vore i kommunal drift sidan 1989, kor skal bebuarane flyttast og vil regjeringa syte før at det blir gjort ei ny vurdering i denne saka med sikte på at drifta på asylmottaket kan vidareførast, til glede for både kommunen og bebuarane?
Begrunnelse
Ullensvang herad har fått beskjed frå UDI at mottaket i Kinsarvik skal avviklast frå oktober. I dag bur det om lag 80 -90 bebuarar der, inkludert ein god del barnefamiliar. Mottaket er drifta av kommunen, og ei avvikling har møtt sterke reaksjonar. Asylmottaket har vore ein del av kommunen og nærmiljøet i 28 år, og meldinga om at det no skal avviklast på 3 månaders varsel, kom svært overraskande. Asylmottaket er ønska i kommunen, og ein har hatt god erfaring med integrering og oppfølging av bebuarane.