Sveinung Rotevatn (V): Kva vurderingar er gjort rundt nedlegginga av Solbakken asylmottak i Florø, og korleis har statsråden fulgt opp føringane frå Stortinget om å prioritere kommunale mottak?
Begrunnelse
UDI har varsla at Solbakken asylmottak i Florø skal leggjast ned. Det er ingen tvil om at mottakskapasiteten rundt omkring i landet bør reduserast i lys av dei rekordlåge asylankomstane, men det er likevel vanskeleg å forstå at akkurat Solbakken er blinka ut.
Florø har eit miljø rundt mottak, busetjing og opplæring av flyktningar som er i absolutt første klasse. Fylkesmannen og IMDI har peika på arbeidet som skjer i Florø som eit nasjonalt førebilete, og gjennom mange år har det blitt bygd opp viktig kompetanse rundt integeringsarbeid.
I tillegg er Solbakken eit kommunalt mottak. I Innst. 479 S (2016-2017), gjorde Stortinget to viktige vedtak:
I
Stortinget ber regjeringen utarbeide kriterier for opprettelse, videreføring og nedlegging av mottak som ivaretar Stortingets pålegg om å sikre kvalitet i tilbudet og en god balanse mellom kommunale, ideelle og private aktører, og som bidrar til god integrering, beredskap og geografisk spredning.
II
Stortinget ber regjeringen iverksette tiltak for å styrke de ideelle og kommunale driftsoperatørenes andel i asylmottaksmarkedet.
Med ei eventuell nedlegging av Solbakken asylmottak, vil det vere null kommunale driftsoperatørar igjen i heile region Vest.
Det er vanskeleg å sjå at ei slik prioritering er i tråd med det som har vore Stortinget sin intensjon.