Skriftlig spørsmål fra Rasmus Hansson (MDG) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1619 (2016-2017)
Innlevert: 29.09.2017
Sendt: 29.09.2017
Rette vedkommende: Landbruks- og matministeren
Besvart: 03.10.2017 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Rasmus Hansson (MDG)

Spørsmål

Rasmus Hansson (MDG): I dag må skogeiere som ønsker å hugge i Oslomarka sende inn søknad og få hogsten godkjent av kommunen. Ordningen gjør at miljøbevegelse, lokalbefolkning og kommunen kan beskytte spesielt verdifulle natur og friluftsområder mot hogst. I mange tilfeller har ordningen bidratt til at forekomsten av sterkt truede arter har blitt avdekket i skogsområder som skulle vært hugget.
Kan klima- og miljøministeren garantere at regjeringen ikke vil svekke vernet av natur og friluftsverdiene i Oslomarka?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Spørsmålet er stilt til klima- og miljøministeren, men etter avtale sendt meg som rette vedkomande da skogbruk i Marka ligg under Landbruks- og matdepartementet sitt ansvarsområde. Eg går ut frå at spørsmålet har sin grunn i at Landbruks- og matdepartementet 7. juli i år sendte på høyring eit forslag til ny forskrift om skoghandsaming og skogsdrift i Oslo og nærliggjande kommunar (markaforskrifta). Fristen for å kome med fråsegn er 23. oktober. Formålet med å lage ei ny forskrift er å følgje opp Stortingets oppmoding om ein gjennomgang av forskrifta. Det er òg eit mål å forenkle og oppdatere forskrifta. I den nye forskrifta er det difor foreslått at vi ikkje vidarefører mykje av det som er regulert i anna lovverk, til dømes skogbrukslova, forskrift om berekraftig skogbruk og naturmangfaldlova. I tillegg har skogbruket ei eiga ordning om sertifisering med detaljerte reglar om skogsdrift som utfyller regelverket. Den nye forskrifta vil likevel stort sett ha det same restriksjonsnivået for hogst som er i dag, slik òg Stortinget la til grunn i si oppmoding. Hovudendringa i forslaget er at meldeplikta no blir ei reell meldeplikt og at det ikkje må meldast frå om hogstar under 10 dekar. Kommunane treng berre å gripe inn i dei tilfella dei meiner det er grunn til å setje vilkår eller stoppe hogsten. Kommunane grip berre inn i nokre få tilfelle slik det er i dag, men alle saker krev ei omfattande sakshandsaming som eg meiner er unødvendig. Eg stolar på at kommunane vil følgje opp ansvaret sitt og at skogeigarane i Marka følgjer regelverket slik dei gjer elles i skogbruket utanfor markagrensa. Samstundes foreslår departementet å innføre eit system for innsyn i hogstmeldingane slik at allmenta og organisasjonane fortsatt vil kunne kome med innspel i dei tilfella ein meiner at det er grunnar til at hogsten ikkje bør gjennomførast slik den er meldt. Departementet foreslår også å samordne verkeområde for forskrifta med markalova sitt verkeområde, og at Fylkesmannen i Oslo og Akershus skal vere klageinstans for alle saker slik det òg er etter markalova. Forlaget til ny forskrift inneber ei enklare sakshandsaming og mindre byråkrati, samstundes som vernet av naturen og friluftsverdiane i Marka ikkje blir svekka.