Jenny Klinge (Sp): Regjeringa har lagt fram framlegg til ny våpenlov, og det er viktig å klårgjera om det nye forbodet hovudsakleg gjeld sivile utgåver av militære våpen eller om det går lenger.
Kan statsråden gjera greie for om det han har uttalt i pressemeldinga av 01.09.2017 om framlegget til ny våpenlov går lenger og/eller er i strid med innhaldet i proposisjonen, og korleis våpeneigarar som har halvautomatiske rifler skal forhalde seg til proposisjonen?
Begrunnelse
Eg har fått signal frå fleire hald om at regjeringas framlegg til ny våpenlov ikkje er lett å tolke når det gjeld mellom anna halvautomatiske rifler. Sitat frå pressemeldinga frå justisminister Amundsen 01.09.2017:
"I lovforslaget er det foreslått å innføre et forbud mot halvautomatiske rifler som opprinnelig er konstruert for helautomatisk funksjon eller for militæret eller politiet. –Forbudet skal gjelde for allerede tildelte våpentillatelser og vil omfatte den våpenkategorien som ble benyttet til ugjerningen på Utøya den 22. juli 2011. Det er foreslått å gi unntaksregler på strenge vilkår for blant annet enkelte former for sportsskyting og våpensamlere, sier Amundsen."
Eg har fått opplyst at problemet med denne formuleringa er at det våpenet som vart nytta på Utøya var ein Ruger Mini, eit våpen som ikkje opprinneleg har vore konstruert for heilautomatisk eld eller for militæret eller politiet. Ein kan derfor lure på kva som eigentleg skal forbys, om det er sivile jaktvåpen som Ruger Mini og tilsvarande halvautomatiske rifler, eller om det er dei militære våpna som uansett allereie er forbodne og som ein berre kan få dispensasjon til å kjøpe om ein driv med dynamisk sportsskyting. I det siste tilfellet blir det i praksis inga endring. Viss derimot også sivile halvautomatiske jaktrifler blir forbodne er det viktig å få klårgjort grunngjevinga for dette, samt kva som skjer med dei som allereie har slike våpen. Det er mange som lurer på om desse vil få inndratt våpna sine, eller om dei vil kunne behalde dei utan høve til å selgje dei vidare. Våpna har stor økonomisk verdi, så viss våpna skal inndragast og eventuelt destruerast blir det eit spørsmål om staten skal betale erstatning for inndregne/destruerte våpen. Ikkje minst bør statsråden gi ei grunngjeving for kvifor desse våpna skal bli ulovlege og inndregne sjølv om dei ikkje tilhøyrer gruppa av våpen konstruerte for heilautomatisk eld eller for militæret eller politiet. Det er dessutan verdt å nemne at statsministeren har vist til dyktige norske sportsskyttarar i verdsklasse, og at vi framleis skal ha dette. Ho la vekt på at dei som konkurrerer på internasjonalt nivå skal kunne halde fram med sporten sin. Då er det verdt å kommentere at ingen kan koma opp i eit høgt internasjonalt nivå utan å ha fått høve til å øve først. For å øve seg opp må ein ha tilgang til aktuelle våpen også før ein når dette høge internasjonale nivået. Ikkje minst er det gjerne slik at mange satsar innan ein sport og at berre nokre få av desse når eit særs høgt nivå. Dette tek tid, og det kan vera vanskeleg å plukke ut tidleg kven som kjem til å lukkast mest. Det kan hende uttalelsen frå statsråden og statsministeren var ubetenksame, men medlemmar av regjeringa bør tenkje over korleis uttalelsane deira blir tolka av dei som uroar seg for lovendringar som kan ramme dei sjølve og aktiviteten dei driv med. Det er ønskjeleg at justisministeren klårgjer kva regjeringa meiner.