Skriftlig spørsmål fra Cecilie Myrseth (A) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:295 (2017-2018)
Innlevert: 17.11.2017
Sendt: 20.11.2017
Besvart: 24.11.2017 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Cecilie Myrseth (A)

Spørsmål

Cecilie Myrseth (A): Hvordan vil statsråden sikre at Troms og Finnmark får en likeverdig landbruksrådgivning som resten av landet etter at Norsk Landbruksrådgivning nå har sagt opp avtalen med Landbruk Nord, og hva er hans vurdering av fornuften i den nedbygging av Landbruk Nord som følger av at avtalen sies opp?

Begrunnelse

NLR får tildelt 88 millioner kroner over jordbruksavtalen og skal bruke pengene til å tilby en likeverdig Landbruksrådgivning over hele landet.
Landbruk Nord (LN) ble i mars 2017 godkjent som NLR sin regionale rådgivningsenhet for Troms og Finnmark. I slutten av september 2017 ble LN sagt opp med bortfall av rammetilskudd fra og med 1.1.2018. I praksis betyr det at NLR står uten et komplett rådgivningstilbud i Troms og Finnmark fra 1.1.2018.
Det nye fylket Troms og Finnmark har landets mest marginale landbruksproduksjon. LN ble med statlig finansiering fra det Nasjonale Veiledningsprosjektet etablert i 2006 som en samordnet rådgivnings- og tjenesteleverandør bygd opp av tidligere avløserlag og forsøksringer i Troms og Finnmark. I et område med lange avstander og relativt sett få gårdsbruk er samordnet tjenesteproduksjon et suksesskriterium og LN har i dag 540 gårdsbruk som medlemmer.
Styret i Landbruk Nord SA har i brev av 17.10.2017 Til LMD søkt om å få en andel av rammetilskuddet til NLR direkte utbetalt fra LMD. Bakgrunn er at Landbruk Nord er sagt opp av NLR og mister rammetilskudd fra 1.1.2018.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Uavhengig rådgjeving i landbruket. NLR har regionale einingar i heile landet. NLR er eit fagleg bindeledd mellom landbruksforskinga og landbruket, og den verksemda NLR driv er viktig for å vidareutvikle god agronomi og auke kompetansen i næringa. Over jordbruksavtala blei det for 2017 avsett 84,5 mill. kroner til NLR, og for 2018 er det avsett 88,5 mill. kroner.
Som representanten påpeikar, fekk Landbruks- og matdepartementet 17. oktober 2017 eit brev frå Landbruk Nord der det mellom anna blir vist til at Landbruk Nord har blitt sagt opp som medlem i NLR frå 01.01.2018, og at Landbruk Nord difor ikkje lenger vil få utbetalt midlar frå NLR. Desse midlane er mellom anna finansiert over jordbruksavtala. Landbruk Nord meiner oppseiinga av Landbruk Nord som medlem i NLR er i strid med føresetnadene for midlane NLR får tildelt over jordbruksavtala, og Landbruk Nord ber difor om å få utbetalt ein rimeleg del av dei midlane over jordbruksavtala som NLR disponerer, direkte frå staten.
Landbruksdirektoratet forvaltar tilskottet til Norsk Landbruksrådgiving, og Landbruks- og matdepartementet sendte difor over førespurnaden frå Landbruk Nord til Landbruksdirektoratet 1. november 2017. Landbruksdirektoratet svarte på førespurnaden 14. november 2017.
Landbruksdirektoratet skriv i sitt svar til Landbruk Nord at partane i jordbruksoppgjeret sett av tilskottsmidlar til rådgjeving over Jordbruksavtala. Desse midlane er sett av direkte til NLR, og det er difor NLR som er tilskottssubjektet, ikkje dei einskilde regionale einingane. Landbruk Nord har difor ikkje krav på ein bestemt del av tilskottsmidlane
Slik Landbruksdirektoratet understrekar i sitt svar til Landbruk Nord, er NLR eit sjølvstendig rettssubjekt som ikkje er ein del av den ordinære landbruksforvaltinga. Korkje Landbruks- og matdepartementet eller Landbruksdirektoratet har nokon alminneleg instruksjonsmyndigheit overfor NLR, og kan ikkje gjere om eller setje til side vedtak fatta av styret i NLR.
Som landbruks- og matminister er eg sjølvsagt oppteken av at det skal vere eit godt rådgjevingstilbod for bønder i heile Noreg. I Prop. 1 S (2017-2018) står det tydeleg at formålet med tilskottet til rådgjeving er å bidra til å byggje opp kunnskap hos bøndene ved å leggje eit økonomisk grunnlag for drift i dei regionale rådgjevingseinigane hos NLR, og at løyvinga skal vere med på å sikre eit likeverdig rådgjevingstilbod i heile landet. Som forvaltar av tilskottet har Landbruksdirektoratet ansvar for at dette blir følgt opp. Landbruksdirektoratet skriv i sitt svar til Landbruk Nord at dei vil følgje saka opp overfor NLR. Dette vil mellom anna skje gjennom eit kontaktmøte mellom direktoratet og NLR 24.11., der denne konkrete saka blir eit viktig tema.
Eg legg etter dette til grunn at det blir funne ei løysing som sikrar at bøndene i Troms og Finnmark òg framover får eit godt rådgjevingstilbod, i tråd med føresetnadane for løyvinga.