Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:309 (2017-2018)
Innlevert: 20.11.2017
Sendt: 20.11.2017
Besvart: 27.11.2017 av justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Vil justisministeren legge til rette for at ordninga med å utsteda pass vil halda fram på Jæren utan opphald?

Begrunnelse

Frå 1. desember vert lensmannskontora i Klepp og Hå sentraliserte bort. Det vert eit lensmannskontor felles på Jæren. No vert det stilt spørsmål om ein vil oppretthalda ordninga med å utsteda pass på kontoret på Bryne etter sentraliseringa. I ei sak i Jærbladet 20. november vert det opna for å ta ein pause i denne utstedinga til ny bygning med eit skilt, for å nytte Frp sine eigne ord, er på plass. Jæren har nær 60 000 innbyggjarar. Det vil gå tapt mykje tid for innbyggjarane om dei i ei kortare eller lengre periode må reisa til Sandnes eller Egersund for å få fornya passet. Det vil mogleg gje ei innsparing for politiet, men folk flest må betala prisen i form av lengre reiseveg. Det vil vera uheldig om ein på denne måten nok ein gong prioriterar system framfor menneska.

Per-Willy Amundsen (FrP)

Svar

Per-Willy Amundsen: Det er behov for ein gjennomgang av politiet sitt arbeid med utferding av pass for å betra etterlevinga av nasjonale og internasjonale krav til kvalitet og sikring. Dette har også Riksrevisjonen påpeika.
Krav og anbefalingar knytt til eit høgt sikringsnivå ved utferding av pass omhandlar mellom anna objektsikring, informasjonssikring og personellsikring. Spesielt vil krava til ID-kontroll bli strengare for å redusere risiko for misbruk. Ved utferding av pass er det også krav og anbefalingar knytt til høg kvalitet. Vi veit at personell må behandla ei viss mengde søknadar om pass for å kunne tileigne seg og vedlikehalda den naudsynte kompetansen for å utferda eit sikkert pass. For å leggje til rette for betring av kvalitet og sikring, må ein difor i det pågåande arbeidet sjå nærmare på organisering og lokalisering av stadar som utferdar pass.
Regjeringa vil på eigna måte koma tilbake til Stortinget med ein plan for utferding av pass i tråd med anmodningsvedtak 519 (2016-2017) som skal leggje til rette for god balanse mellom kvalitet, sikring og brukartilgjengelegheit.
Eg kan difor ikkje på noverande tidspunkt konkretisere talet på, eller lokalisering av, stadar som framover skal utferda pass.