Nicholas Wilkinson (SV): Har regjeringsadvokaten uttalt at avtalen rundt forprosjektering av det nye beredskapssenteret er i tråd med regelverket?
Begrunnelse
4. september 2017 skreiv avisa VG om ein kontrakt som blei inngått rundt forprosjektet til bygginga av eit nytt beredskapssenter. Her svarer ein pressekontakt i Finansdepartementet at saka er førelagt regjeringsadvokaten for kvalitetssikring, men det blir ikkje sagt noko om kva regjeringsadvokaten meinte om saka.