Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:420 (2017-2018)
Innlevert: 01.12.2017
Sendt: 01.12.2017
Besvart: 05.12.2017 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Hvilke konkrete resultater har etableringen av dyrepoliti så langt gitt som man ikke ville ha fått ved en tilsvarende prioritering av Mattilsynet og politiet?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Eit sentralt føremål med opprettinga av dyrepoliti og formaliseringa av samarbeidet mellom Mattilsynet og politiet, var å etablere eit meir systematisk samarbeid mellom etatane, slik at satsinga mot dyrekrim er gjensidig bindande og kontinuerlig blir gitt tilstrekkeleg prioritet. Dette var viktig for å få ei langsiktig forbetring av styresmaktene sitt arbeid for god dyrevelferd i Noreg, og det ville ikkje vore mogleg ved berre å satse isolert i dei to etatane.
Det vart først inngått ein skriftleg samarbeidsavtale mellom Mattilsynet og politiet på nasjonalt nivå. Avtalen beskreiv ei rekke konkrete enkelttiltak som skal gjennomførast både på nasjonalt og regionalt nivå.
Sør-Trøndelag politidistrikt fekk hausten 2015 i oppdrag frå Politidirektoratet å setje i verk eit treårig pilotprosjekt om dyrepoliti i samarbeid med Mattilsynet. Prosjektet er nå inne i sitt siste år. Hausten 2016 vart det etablert eit tilsvarande prosjekt i Rogaland, og i sommar eitt i Østfold. Fleire av prosjekta er dermed framleis i ei tidleg fase, og det er derfor for tidlig å trekke heilt klare konklusjonar om resultata. Det er planlagt å gjennomføre ei sluttevaluering av det første pilotprosjektet hausten 2018.
Sjølv om det har vore utfordringar undervegs, er Mattilsynet si erfaring så langt at satsinga mot dyrekrim har ført til ei meir systematisk tilnærming til samarbeid i dyrekrimsaker. Det er nå faste personer som behandlar sakene, og det er utvikla rutinar for korleis kontakt og samarbeid mellom aktørane skal vere når ein dyrevelferdssak er så alvorleg at den skal meldast til politiet. Mattilsynet opplever også betre saksgangsrutinar og at fagkompetansen er styrka. Dette er vesentleg for både etterforsking, bevissikring og saksførebuing.
Felles nasjonale og lokale fagsamlingar om dyrekrim er nå etablert som faste tiltak, og har vist seg å vere ei viktig kontaktflate for aktørane. Mattilsynet sitt bidrag i undervisninga om dyrekrim ved politiutdanninga, er eit anna eksempel på ei slik langsiktig kompetanseoverføring som nå har funne si faste form.
Mattilsynet rapporterer også at systematiseringa av dyrekrimarbeidet har hatt god effekt på verkemiddelbruken, der mellom anna bruken av opptrappande verkemiddel er skjerpa.