Kjersti Toppe (Sp): Lokalbefolkninga i indre Hardanger protesterer mot at Helse Fonna har vedtatt å kutte ved fleire postar ved Odda sjukehus, mellom anna samdrift av to sengepostar, færre senger og redusert aktivitet neste sommar. Vedtaket skjedde dagen etter at to bilar vart trefte av eit steinras på riksveg 13 og Odda kommune var nær ved å bli isolert, då det totalt var tre ras i kommunen, samt eit ras i nabokommunen.
Korleis vil statsråden forsvare at det kuttast ytterlegare på sengepostar ved Odda sjukehus?
Begrunnelse
Viser til Stortingets behandling av Dokument 8:59 (2016-2017) og Dokument 8: 93 ( 2016-2017), Innst.275 S ( 2016-2017), og brevet frå statsråden til komiteen datert 8. mai 2017, der statsråden mellom anna slår fast følgjande:
"Tilbodet ved Odda sjukehus skal vere framtidsretta og vidareutviklast i tråd med nasjonal helse- og sjukehusplan, være forsvarlig, forutsigbart og ivareta tryggheten, og er en viktig del av beredskapen for befolkningen."
Det er uforståeleg at ei svekking av sjukehustilbodet, som kutta definitivt er, skal vere i tråd med statsråden og stortingsfleirtalets lovnader om at sjukehuset skulle vidareutviklast og at ein skulle få forutsigbarheit for tilboda. Det er også kritikkverdig at samanslåing av sengepostar skjer, utan at dei faglege konsekvensane er utreia.