Skriftlig spørsmål fra Bjarne Rohde (SV) til kommunal- og moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:490 (2017-2018)
Innlevert: 08.12.2017
Sendt: 11.12.2017
Besvart: 14.12.2017 av kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner

Bjarne Rohde (SV)

Spørsmål

Bjarne Rohde (SV): På kva måte vil statsråden fremme positive haldningar til samisk og kvensk kultur og motverke at fordommar får prege det offentlege ordskiftet?

Begrunnelse

Saker om bruk av samiske og/eller kvenske stadnamn, og andre tiltak frå stat, fylke og kommune for å ivareta minoritetar og urfolk sin kultur og historie, fører dessverre ofte til ein oppheita debatt i sosiale medier og til dels også tradisjonelle medier. Eit nyleg eksempel på dette er at Tromsø kommune, som har leid ut kommunale lokaler i verneverdig bygning på Skansen til Gáisi språksenter, har blitt kritisert sosiale medier og i lesarinnlegg i lokalavisa for å slippe til samiske kulturorganisasjoner i Tromsøs kulturarv. Mange av innlegga har vore prega av fordommar og kunnskapsmangel knytt til den samiske kulturen.
Stortinget har vedtatt å sette ned ein kommisjon for å granske fornorskningspolitikken og den urett som historisk er begått mot samer og kvener. Men i påvente av kommisjonen kan vi ikkje lat vera å arbeide for å ivareta minoritetar og urfolk sin kultur, dette er noko som må arbeidast med kontinuerleg.

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: Eg er samd med representanten Rohde i at det er viktig å arbeide kontinuerleg for å ta vare på minoritetar og urfolk sin kultur og å motverke fordommar.
Regjeringa er oppteken av å arbeide mot fordommar og hatefulle ytringar. I fjor la vi fram ein strategi mot hatefulle ytringar (2016-2020). Strategien har 23 ulike tiltak på fleire område i samfunnet. Strategien omtalar mellom anna samiske vegvisarar som Kommunal- og moderniseringsdepartementet gjev støtte til. Det er ei ordning som har som mål å spreie kunnskap om samar og samisk liv og kultur i Noreg, og å arbeide mot fordommar mot samar. Dei samiske vegvisarane får opplæring på Samisk høgskule i Kautokeino. Vegvisarane er sjølv unge, og målgruppa deira er elevar i vidaregåande skular. Vegvisarane vitjar mange skolar rundt om i landet kvart år.
Å gjere kvensk språk og kultur synleg kan og være med å bryte ned fordommar. Kommunal- og moderniseringsdepartementet gjev tilskot til kvenske losar, som er ei liknande ordning som samiske vegvisarar. Departementet har til dømes òg gjeve tilskot til Troms fylkeskommune sitt arbeid med ein handlingsplan for kvensk språk og kultur. I tillegg arbeider regjeringa med ein plan for kvensk språk som vi vil leggje fram tidleg i 2018, og vi har auka midla til kvensk språk og kultur i statsbudsjettet for 2018.
Med strategien mot hatefulle ytringar (2016-2020) ønskjer regjeringa å motverke hatefulle ytringar i det offentlege ordskiftet. Regjeringa har òg fokus på media. I strategien er det mellom anna eit kapittel som tar for seg media si rolle når det gjeld hatefulle ytringar.
I tillegg er det viktig at vi er medvitne om at kvar og ein av oss har eit ansvar. Vi må ha mot til å ta til motmæle når fordommar og hat kjem til uttrykk. Vi har alle eit ansvar for å snakke om og til kvarandre med respekt.