Skriftlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:555 (2017-2018)
Innlevert: 14.12.2017
Sendt: 15.12.2017
Besvart: 21.12.2017 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Er statsråden nøgd med korleis arbeidsmarknadstiltaka fungerer, og vil ho ta initiativ til å ha ein systematisk gjennomgang av i kor stor grad dei får folk ut i ordinært arbeid, samt korleis me kan innrette arbeidsmarknadstiltaka på best mogleg vis?

Begrunnelse

Viser til reportasjar på TV2 12.-13.12.17 der det vert hevda at arbeidsmarknadstiltak i liten grad får folk ut i arbeid, samt at å delta på arbeidsmarknadstiltak til og med gjer deltakarane TIL mindre attraktive arbeidstakarar.

Anniken Hauglie (H)

Svar

Anniken Hauglie: Det er dei siste dagane blitt skapt eit inntrykk gjennom reportasjar i TV 2 at arbeidsmarknads-tiltak ikkje får folk i arbeid, men snarare kan verke motsett. Dette meiner eg er ei feil eller i beste fall unyansert framstilling.
Tilgjengeleg norsk og internasjonal forsking viser at sjansane for å komme i arbeid aukar gjennom bruk av arbeidsmarknadstiltak. Effekten kan variere mellom ulike tiltak, men i hovudsak vil dei fleste av tiltaka NAV nyttar, ha ein positiv effekt på overgang til arbeid. Nå er det dessutan slik at resultatet av å bruke arbeidsmarknadstiltak og vil vere påverka av konjunktursituasjonen, og tilgangen på andre tenester som arbeidssøkarar kan ha behov for.
Vi gjer stadig nye evalueringar av dei arbeidsmarknadspolitiske verkemidla. Dette er kunnskap vi legg til grunn i det fortløpande utviklingsarbeid vi driv på dette området. Seinast i 2016 kom et nytt regelverk for arbeidsmarknadstiltaka på plass.
Her vart det gjennomført endringar i NAVs opplæringstiltak som understrekar behovet for å prioritere kompetansebyggande tiltak. Mellom anna kom det ei ny ordning med vekt på yrkesfagleg opplæring. Det skjedde og ei utbygging og forsterking av lønnstilskotsordningane. Når det gjeld oppfølging av arbeidssøkarar, så er dette området blitt styrka både gjennom eit omfattande og systematisk utviklingsarbeid knytt til ulike forsøk innanfor feltet arbeid og psykisk helse, og ved at NAV er tilført ressursar for å drive meir og betre oppfølging i eigen regi. Ved å sette oppfølging ut på anbod vert det stilt klare krav om overgang til arbeid, og resultata så langt tyder på at tiltaket har god effekt.
Dette er alle tiltaksområde med dokumentert god effekt på overgang til arbeid, og som vi legg til rette for at skal brukast meir. Andre ordningar har vist seg å vere mindre effektive. Det gjeld mellom anna bruk av arbeidspraksis eller arbeidstrening. Dette tiltaket fekk nytt regelverk i 2016 kor målet var å gje deltakarane eit meir forpliktande tilbod frå arbeidsgjevar og med betre oppfølging frå NAV. Diverre er det slik at det finnast arbeidsgjevarar som oppfattar dei som har delteke på arbeidstrening eller andre tiltak som mindre attraktive enn andre arbeidssøkarar. Det kan ha andre årsaker, til dømes fordommar eller uro for at personar som har vore på tiltak kan ha utfordringar som er vanskelege for arbeidsgjevar å handtere.
Nokre tiltak kan ha andre føremål enn overgang til arbeid. Arbeidstrening er til dømes mykje brukt som eit tiltak for å prøve ut deltakarens arbeidsevne og arbeidsønske. Det kan forklare at overgangen frå tiltaket til arbeid er relativt låg. Andre lågterskeltiltak er varig tilrettelagt arbeid og arbeidsførebuande trening. Dette er tiltak som hører heime innanfor dei skjerma verksemdene, og som tidligare forsking har vist har liten eller ingen effekt på overgang til arbeid. Tiltaka er likevel viktige for dei arbeidssøkarane som står lengst unna arbeidsmarknaden, eller dei er viktige for uføretrygda som treng ein varig, tilrettelagd arbeidsplass.
Det er tverrpolitisk semje om å ha eit høgt tiltaksnivå for å motarbeide ledighet og utanforskap. Det er difor viktig at vi kan ha tillit til at dette er ein god og fornuftig måte å bruke offentlege midlar på. Vi vil stadig forbetre tiltaka og korleis vi bruker dei. Vi er ikkje i mål. Det er behov for å drive ei fortløpande utvikling av eksisterande tiltak samt prøve ut nye ordningar. Målet er å auke overgangen frå tiltak til arbeid. Vi legg stadig større vekt på kvalitet og resultat i tiltaksarbeidet. Difor vil det skje nye endringar i regelverket for arbeidsmarknadstiltaka. Dette er eit pågåande utviklingsarbeid som vi vil halde Stortinget orientert om gjennom dei årlege budsjettprosessane.