Jenny Klinge (Sp): Meiner justisministeren at det er problematisk at tilsynelatande svært mange ungar framleis blir utsette for rituell omskjering utanfor spesialisthelsetenesta trass i lovendringa frå 2015, og korleis meiner ho dei ureglementære inngrepa skal følgjast opp av norske myndigheiter for å sikre at slike inngrep skal skje meir forsvarleg og i tråd med lova?
Begrunnelse
Det er snart tre år sidan rituell omskjering av smågutar vart lovfesta av Stortinget som ei rettigheit i spesialisthelsetenesta. Samtidig vart det vedteke eit forbod mot at inngrepet skulle utførast av ukyndige, med tilhøyrande straff for den som utfører det utan å vera godkjent til føremålet. I praksis skulle omskjering gå føre seg i det offentlege helsevesenet, eller hos private aktørar med avtalar med det offentlege. Det vart estimert at det før lova vart vedteken vart utført om lag 2000 rituell omskjeringar per år av mindreårige gutar. I 2016 var talet på rituelle omskjeringar registrerte i Norsk Pasientregister berre 128, og innan andre kvartal i 2017 vart det registrert 86 inngrep. Viss ein går ut i frå at «behovet» framleis er 2000 per år og at foreldra/dei føresette til desse gutane framleis får nokon til å utføre inngrepet, tyder det låge registrerte talet i 2016 og 2017 på at svært mange blir omskorne i strid med lova, og at ingen blir straffa for det, verken dei som initierer eit ulovleg inngrep eller dei som utfører det.
Debatten i Stortinget før lova vart vedteken gjekk også på eit mogleg lovforbod mot rituell omskjering av mindreårige. Somme av dei som primært ønskte eit forbod, men som såg at det ikkje var fleirtal for dette, gjekk inn for å påleggje omskjering i spesialisthelsetenesta om omsyn til gutane. Føremålet var å sørgje for at omskjering ikkje føregjekk i uordna og helseskadelege former, jamfør at det er ein risiko for små eller store kortvarige eller livsvarige problem, store skadar, amputasjon og dødsfall. Sjølv om det også er ein risiko for slike konsekvensar om inngrepet blir utført i spesialisthelsetenesta (det er delvis snakk om bleieungar, som ein illustrasjon), er det grunn til å håpe at konsekvensane blir færre og mindre alvorlege om det er kyndig personell som utfører og følgjer opp etterpå. Sjølv har eg heile tida meint at eit forbod er det rettaste, fordi det også handlar om retten til å bestemme over eigen kropp, men når stortingsfleirtalet først vedtok denne lovendringa, er det å vente at regjeringa følgjer opp slik at færrast mogleg ungar risikerer seinskadar.