Kjersti Toppe (Sp): Vil statsråden gjere greie for om departementet har bestemt at IKT-infrastruktur i helseføretaka blir lagt inn under Sikkerheitslova, eller om det skal vere opp til helseføretaka sjølv å vurdere dette?
Begrunnelse
Viser til helseministeren sitt svar til Stortinget 30. januar 2018 der han uttalar at helseføretaka er lagt inn under Sikkerheitslova, men utan at det kjem fram om IKT-infrastrukturen i helseføretaka dermed er lagt inn under lova.