Skriftlig spørsmål fra Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til finansministeren

Dokument nr. 15:1081 (2017-2018)
Innlevert: 02.03.2018
Sendt: 05.03.2018
Besvart: 09.03.2018 av finansminister Siv Jensen

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Spørsmål

Sigbjørn Gjelsvik (Sp): EU-kommisjonen førebur no eit forslag om å skattleggje inntektene til store teknologiselskap i landet der brukaren held til.
Har statsråden og departementet på nokon måte vore ein pådrivar for dette arbeidet, og planlegg statsråden å kome til Stortinget med eit tilsvarande forslag?

Begrunnelse

Reuters har fått tilgang til eit utkast der EU-kommisjonen føreslår å skattleggje inntektene til store teknologiselskap som Google, Facebook og Amazon i landet der brukaren held til. Skattesatsen som vert skissert, er 1-5 prosent. Føremålet med framlegget er å motverke at slike selskap gjennom skattetilpasning endar opp med å betale svært lite skatt.
Også i Storbritannia er det framlegg om å skattleggje teknologiselskap hardare gjennom ein omsetnadsskatt. Dette vil i så fall vere eit andre steg for britane, som allereie har ein såkalla Google-skatt på overskot som vert flytta utanlands.
I lys av at Stortinget fleire gonger har etterlyst at regjeringa skal ha ei pådrivarrolle i arbeidet mot ulike former for skatteomgåing, m.a. gjennom behandlinga av skatteforliket våren 2016, er det av interesse å få klarleik i kva regjeringa og departementet gjer på dette området. Ut frå meldingane ein får frå m.a. EU og Storbritannia er det lett å få inntrykk av at Noreg snarare enn å vere ein pådrivar er på etterskot i desse spørsmåla. Regjeringa har likevel ved fleire høve vist til at ein prioriterer internasjonalt arbeid i slike spørsmål, og det kan då vere viktig å få klarleik i om Noreg faktisk har hatt ei pådrivarrolle i dei viktige prosessane som det her vert vist til.

Siv Jensen (FrP)

Svar

Siv Jensen: Noreg har ikkje ei medverkande rolle i skattearbeidet i EU. Det kjem av at vi ikkje er EU-medlemmar, og at EØS-avtalen ikkje har reglar om samordning av direkte og indirekte skattar. Vi har difor heller ikkje kunne ta del i EU sitt arbeid med dette spørsmålet. Vi deltek derimot i ei eiga arbeidsgruppe i OECD der tilsvarande spørsmål vert utreda. OECD-arbeidet skal munne ut i ein førebels rapport som vert lagt fram om kort tid.
Regjeringa har på noverande tidspunkt ikkje planar om å fremje eit tilsvarande framlegg om ei omsetnadsavgift på digitale aktivitetar i Noreg. Internasjonalt er ein ikkje samde om legitimiteten av og behovet for eit slikt tiltak. Det synast òg å vere ei allmenn oppfatning at slike avgifter ikkje er optimale, og at dei i så fall bør gjerast midlertidige, og mest mogleg koordinerte, medan ein utredar langsiktige løysingar. Eg er elles kjend med at India og Ungarn har innført omsetnadsavgifter på særskilde digitale tenester, og at Italia nyleg har vedteke liknande reglar.
Ein god eigenskap ved ei mogleg omsetnadsavgift er at skattegrunnlaget antakeleg vil vere lite flyttbart, og at avgifta difor vil kunne vere robust mot tilpassingar. Den vil òg kunne tryggje ei viss skattlegging på globalt nivå der skattlegginga i heimstaten framleis er lite effektiv. Ei avgift på omsetnad vil òg kunne treffe bidrag til verdiskaping i eit land, som ligg under gjeldande tersklar for skattlegging etter skatteavtalane (og internretten).
Ei innvending mot ein slik skatt er at den kan vere lite treffsikker: Ein ynskjer å skattlegge overskot i selskapa frå verdiskaping i marknadsstaten, medan avgifta skal svarast av brutto omsetnad på einskilde digitale tenester. Samtidig vil det oppstå vanskelege spørsmål om mellom anna avgrensing av skattegrunnlaget og innkrevjing av skatten.
Det har vore brukt som argument for ei omsetnadsavgift at den vil kunne betre konkurransesituasjonen for nasjonale aktørar. Ein tek då utgangspunkt i at utanlandske konkurrentar betaler langt lågare skatt av sitt overskot, og at avgifta særleg vil treffe dei utanlandske selskapa. Skatt er bare ein av mange faktorar som påverkar konkurransen mellom norske aktørar og dei internasjonale teknologigigantane. Eg vil samtidig påpeike at også nasjonale selskap kan verte råka av ei slik avgift.
Vi veit at fleire multinasjonale selskap held på med aggressiv skatteplanlegging, og regjeringa arbeidar aktivt med tiltak mot dette heime og ute. Eg trur likevel at bilete som vert teikna av at nokre aktørar nærast ikkje betaler skatt, bør nyanserast noko. Eg meiner ein må kunne rekne med at dei tiltaka ein har gjennomført mot skattetilpassingar og òg vedtakinga av den amerikanske skattereforma, vil gjere det vanskelegare for multinasjonale selskap å oppnå svært låg skattlegging globalt. Gjennom reforma i USA vil til dømes amerikanske selskap verte skattlagt for store overskot som ein har halde i utlandet.
Regjeringa sin posisjon har til no vore å støtte opp om det internasjonale arbeidet, særleg innanfor rammene av OECD. I dette arbeidet prøver ein å finne fram til gode internasjonale løysingar, som byggjer på at verdiar i større grad skal skattleggast der dei skapast. Vi fylgjer den internasjonale utviklinga tett, men eg meiner framleis at det ikkje er nokon grunn til å endre på dette utgangspunktet.