Tore Storehaug (KrF): Kva vil statsråden gjere for å sikre tilstrekkeleg nettkapasitet i Nordland for framtidig industriutbygging, deriblant datasenter?
Begrunnelse
Nordland har stort overskot av kraft (5-8 TwH pr år), i tillegg til eit stort potensial for meir utbygging av vindkraft. Det er eit regionalt mål å utnytte denne ressursen til utvikling av nye arbeidsplassar og verksemd lokalt. For å sikre mulighet for etablering av ny kraftkrevjande industri i overskotsområder er det naudsynt med tilstrekkeleg infrastruktur for uttak av straum. Det er i dag uro lokalt for at infrastrukturen i Salten ikkje er dimensjonert til å handtere langsiktige behov i området. Salten Trafo er i hovudsak ferdig utgreidd av Statnett, men er ikkje prioritert i investeringsplanane.