Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1275 (2017-2018)
Innlevert: 06.04.2018
Sendt: 06.04.2018
Besvart: 13.04.2018 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Det vert vist til oppslag på Vol.no 5. april.
Kva "øvrige allierte behov" er det som er dekka av Andøya flystasjon i dag, men som det ikkje vert lagt til grunn at skal overførast til Evenes?

Begrunnelse

Yngve Laukslett skriv i Vol.no 5. april følgjande:

"På side 11 i KVU leser man følgende «Evenes skal overta rollen som vertsbase for allierte maritime patruljefly etter nedleggelsen av Andøya flystasjon, både hva angår øvelser og oppdrag. Når det gjelder øvrige allierte behov som er dekket av Andøya flystasjon i dag, er det ikke lagt til grunn at disse overføres til Evenes». Dette kan ikke tolkes på en annen måte enn at allierte kampflyforsterkninger som per i dag er dedikert til Andøya flystasjon bortfaller i sin helhet. Dette er oppsiktsvekkende og fremstår som en ny opplysning."

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Lokaliseringa av dei ulike styrkane er gradert informasjon. Det er difor krevjande å gje eit detaljert svar på spørsmålet. Noreg har eit planverk i dag som dekkar alle allierte styrkar som er aktuelle å overføra til Noreg. Fram til Evenes står klar til å ivareta si nye rolle i 2022 og Andøya flystasjon vert lagt ned, vil Forsvaret sørgja for å harmonisere nasjonale og allierte planverk, slik at allierte behov og vert dekka med ny basestruktur.
I Forsvaret er det difor sett i gang eit arbeid med å skildre korleis ulike flyplassar og lufthamner best kan utnyttast ved alliert forsterking av Noreg. Alle flyplassar og lufthamner vil kunne spele ei rolle i ein totalforsvarssamanheng. Dette er i tråd med det som er skildra i Prop. 151 S (2015–2016). Kva for flyplassar og lufthamner det vert behov for, og kor mange, vert til sjuande og sist ei operativ vurdering. Forsvarsministeren har orientert Stortinget om at regjeringa kjem tilbake til dette arbeidet.
Evenes flystasjon har allereie i dag ei rolle som base for alliert mottak og allierte operasjonar. Denne kapasiteten vert vidareført, samstundes som det vert etablert kapasitet for maritime patruljefly (MPA) og Quick Reaction Alert (QRA) med kampfly. Evenes skal overta rolla som vertsbase for allierte MPA etter at Andøya flystasjon vert lagt ned, både kva gjeld øvingar og oppdrag. Vidare vert lagra knytt til Co-located Operating base (COB)-avtala flytta frå Bodø til Evenes.