Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1301 (2017-2018)
Innlevert: 10.04.2018
Sendt: 10.04.2018
Besvart: 13.04.2018 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden avklare om Noreg har svara på dette tilbodet?

Begrunnelse

Kjelder seier at tyske styresmakter har gitt Noreg ved Forsvarsdepartementet tilbod om å vere med på deira oppgradering av eksisterande stridsvogner til Leopard 2A7V for på raskast mogleg måte løyse dei problema vi har hatt med våre stridsvogner frå 1980-talet. Dette ville gje Noreg ei fungerande "norsk spesifisert vogn" frå sommaren 2019 for utprøving og deretter moglegheita til å få tilført nye stridsvogner frå vinteren 2020.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Gjennom handsaminga av Prop. 2 S (2017-18) ga Stortinget si støtte til regjeringas tilråding om at landmakta treng ein moderne stridsvognkapasitet. Regjeringa arbeider no vidare med sikte på å fylgje opp Stortingets vedtak og vurderer i denne samanheng ulike alternativ til omfang, framdrift og gjennomføring, der også mogleg samarbeid med andre land inngår. I samsvar med vedtaket i Stortinget vil regjeringa, i samband med revidert nasjonalbudsjett 2018, leggje fram ei heilskapleg sak om det vidare arbeid med moderniseringa av Hærens stridsvognskapasitet. Der vil også eit mogleg samarbeid med Tyskland bli nærare omtalt.