Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:1330 (2017-2018)
Innlevert: 13.04.2018
Sendt: 13.04.2018
Besvart: 26.04.2018 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kva prosess legg regjeringa opp til når det gjeld handsaming av endringar i gjødselregelverket?

Begrunnelse

Forslag til nytt regelverk ble levert til departementet 15. mars 2018. Forslaga kan ha til dels dramatiske konsekvensar for bønder særleg i enkelte deler av landet.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Landbruksdirektoratet, Mattilsynet og Miljødirektoratet leverte forslag til nytt gjødselregelverk 15. mars 2018. Forslaget er svar på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet i samråd med Klima- og miljødepartementet. Forslaget inneber mellom anna å dele regelverket i to delar, ein som omhandlar produktkrav til gjødselvarer, og ein som omhandlar lagring og bruk av gjødsel.
Det omtalte framlegget til nytt gjødselregelverk er nyleg utarbeidd. Eg vil no gå gjennom forslaga og på bakgrunn av den gjennomgangen gjere vurderingar knytt til vidare handtering av dette frå departementet si side. Fleire av problemstillingane som framlegget omtaler vil det være behov for å gjere grundige vurderingar av. Eg kan difor ikkje på noverande tidspunkt gi eit klart svar på kva prosessar som er hensiktsmessige for å avklare desse spørsmåla.
Dersom det vert aktuelt å følgje opp tilrådingane frå direktorata, er det ikkje unaturlig at aktuelle aktørar i næringa får gje sine innspel til arbeidet gjennom ei høyring.