Skriftlig spørsmål fra Tore Storehaug (KrF) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1395 (2017-2018)
Innlevert: 20.04.2018
Sendt: 20.04.2018
Besvart: 30.04.2018 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Tore Storehaug (KrF)

Spørsmål

Tore Storehaug (KrF): Kva vil statsråden gjere for å hindre at brøytepinnar av plast hamnar i naturen?

Begrunnelse

Brøytepinnar blir laga både av plast og av bambus. Dei siste åra har bruken av dei som er produsert av plast auka. I tilfelle der desse blir øydelagt eller av andre grunnar flytta vil dei i mange tilfelle bli liggande att i naturen. Slik plastforureining blir nedbrote seint, og er dermed til skade både for natur og for landbruk. Det kan vurderast om vegmyndighetene bør gå bort frå å bruke plastpinnar.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Brøytestikker i plast blir brukt i stor grad. I tillegg blir det brukt ein del stikker i bambus.
Ulempene med plastbrøytestikker oppstår når dei ikkje blir tatt opp etter vintersesongen. Dette skjer maskinelt, og det kan då vere at nokre stikker blir liggande att i grøfta. Det kan også vere at dei blir køyrde ned og brotne av så langt nede at den delen som står att, ikkje blir tatt opp.
I kontrakten med entreprenørane skal brøytestikker takast opp innan 1. mai. Statens vegvesen føreset at alle brøytestikker blir tatt opp med sikte på ombruk, attvinning eller sortering som avfall. Dei skal ikkje ende i naturen.
I opplæringa av driftspersonell vil det bli lagt auka vekt på at alle brøytestikker skal takast opp, også dei som er øydelagde. Dette skjer alt i denne sesongen.
Bruk av brøytestikker i bambus er heller ikkje utan problem. Desse er mjuke og derfor vanskelegare å sette opp. Dei blir dessutan lettare flisa opp, slik at dei blir ein fare for dyr. Det har også vore skader på personell grunna flisa eller øydelagd bambus.
Statens vegvesen vil vurdere om det finst betre løysingar enn dei vi har i dag. I den samanhengen kan det mellom anna vere aktuelt å vurdere høgare kvalitetskrav til brøytestikker i plast, slik at ombruken blir større, og bruk av andre materialar som ikkje er skadelege dersom dei kjem ut i naturen.