Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1407 (2017-2018)
Innlevert: 23.04.2018
Sendt: 24.04.2018
Besvart: 30.04.2018 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Vil statsråden tilrå at Noreg går inn i samarbeidet med Tyskland og når kan Stortinget forvente å få ei sak om dette spørsmålet?

Begrunnelse

Då Landmaktproposisjonen vart handsama i Stortinget var investering i oppgraderte stridsvogner eit tema. Etterpå har det vore diverse oppslag i media og diskusjonar i ulike fora kring Noreg si deltaking i Tyskland sitt program for oppgradering av deira stridsvogner, eit program som også vil vere tilpassa norske behov. Dersom Noreg skal delta i dette programmet utan å mangle stridsvogner i ein periode, hastar det med avgjerd og å få fram ei sak til Stortinget.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Eg viser til brev frå Stortinget sin president datert 24. april 2018 med spørsmål frå stortings-representant Liv Signe Navarsete om statsråden vil tilrå at Noreg går inn i eit samarbeid med Tyskland om stridsvogner, og når Stortinget kan forvente å få ei sak om dette spørsmålet.
Som eg orienterte om i svar av 13. april 2018 på skriftleg spørsmål nr.1301, gav Stortinget gjennom handsaminga av Prop. 2 S (2017-2018) si støtte til regjeringa si tilråding om at landmakta skal ha ein moderne stridsvognkapasitet. Eg opplyste vidare om at regjeringa arbeider med å fylgje opp Stortinget sitt vedtak, og vurderer i ein slik samanheng ulike alternativ til omfang, framdrift og gjennomføring, der også mogleg samarbeid med andre land inngår. Tyske myndigheter har vist positiv vilje til å støtte Noreg i samband med anskaffing og understønad av stridsvogner.
Regjeringa vil i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2018 leggje fram ei sak om det vidare arbeidet med modernisering av stridsvognkapasiteten i Hæren.