Jenny Klinge (Sp): 30. april kunne NRK melde at politiet må nytte store ressursar på å klage på parkeringsbøter.
Vil statsråden ta initiativ til gjennom forskrift å tydeleggjere at slik bøtelegging ikkje skal finne stad og sikre seg at parkeringsselskapa forstår og utøver regelverket likt?
Begrunnelse
Det er fastsett i § 2 punkt 4 i forskrift om kjørende og gående trafikk at politiet «når det er nødvendig eller til vesentlig lette i tjenesten» kan bryte trafikkreglane. Ut frå rapportar frå politiet som NRK vidarebringar ser det likevel ut til å vere eit stort problem at parkeringsselskapa skriv ut bøter på politibilar i teneste. Politiet gir opp at dei bruker store ressursar på å behandle og klage på slike bøter. Dette er ressursar som i staden burde vore nytta i operativ teneste og til reelt politiarbeid. Dessutan burde ikkje politiet måtte bruke tid og pengar på å betale bøtene heller. Parkeringsvaktene si fagforeining Service & Drift viser lita forståing for dette. Dei er ute i media og meiner at politibilar ikkje berre bør bøteleggjast rutinemessig på line med andre køyrety, men at dei også bør også tauast bort i somme tilfelle. Sett i lys av dagens praksis og slike haldningar i delar av parkeringsbransjen bør regelverket klårgjerast slik at politiet kan bruke tida si til å trygge innbyggjarane i staden for å krangle om parkeringsbøter.