Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1551 (2017-2018) Innlevert: 09.05.2018 Sendt: 09.05.2018 Besvart: 18.05.2018 av utenriksminister Ine Eriksen Søreide
Geir Pollestad (Sp): Kva er Noregs posisjon og kva gjer regjeringa for at norsk industri skal sleppe USAs "ståltoll"?
Ine Eriksen Søreide: Det er grunn til å vere uroleg for den utviklinga vi no ser i internasjonal handelspolitikk, med einsidige handelstiltak og fare for eskalering. Ingen er tent med global økonomisk uvisse. Proteksjonisme vil ha negative verknader for verdsøkonomien og for internasjonalt samarbeid. Det multilaterale, regelbaserte handelssystemet har tent oss godt i over 70 år. Det er helt avgjerande at reglane i WTO blir respekterte. Noreg og USA er einige om mykje i handelspolitikken. Vi er gode handelspartnarar og vil fortsetje å vere nære allierte. Noreg er usamd med USA i innføringa av dei ekstra tollsatsane på stål og aluminium og norsk posisjon er at USA bør trekkje dei tilbake. Dette er tydeleg kommunisert til amerikanske styresmakter. Å peike på nasjonal tryggleik som grunngjeving for desse tiltaka er urimeleg og risikerer å undergrave WTO. Proteksjonisme er heller ikkje svaret på dei globale utfordringane innanfor stål og aluminium. Noreg bør bli gitt eit permanent unntak utan atterhald, til tiltaka blir trekte tilbake. Den norske eksporten av stål og aluminium til USA er relativt avgrensa, og utgjer om lag 0,2% av norsk stål- og aluminiumseksport. Noreg er uroa for at USA sine auka tollsatsar vil føre til at andre – og for Noreg særs viktige – marknader som dei europeiske, vil innføre vernetiltak for å unngå at det kjem for mykje stål og aluminium til deira marknader som elles skulle gått til den amerikanske marknaden. Difor er Noreg i nær dialog også med EU. Regjeringa har tatt saka opp politisk i mange kanalar. Vi vil fortsette å være pågåande og tydelege overfor amerikanske styresmakter for å understreke kor viktig det er at WTO-regelverket blir etterlevd, og at Noreg blir behandla likt med andre land.