Kjersti Toppe (Sp): Vil helseministeren likevel møte i Stortinget 31. mai 2018 for å svare på Interpellasjon nr. 24 (2017-2018), og viss ikkje, kan han grunngje kvifor han ikkje ser det som relevant med ein debatt om på kva måte helse- og justissektoren betre kan samarbeide for å følgje opp psykisk sjuke som sitt i fengsel?
Begrunnelse
Senterpartiet har fremma to interpellasjoner om psykisk sjuke i norske fengsel, interpellasjon nr. 23 (2017-2018) til justis-, beredskaps- og innvandringsministaren frå representanten Emilie Enger Mehl og interpellasjon nr. 24 (2017-2018) til helse- og omsorgsministeren frå underteikna.
23. april kom det melding til ekspedisjonskontoret frå helse- og omsorgsministerens kontor om at interpellasjon nr. 24 (2017-2018) til helse- og omsorgsministeren var ført over til justisministeren som rette vedkommande.
Interpellasjonane vart fremma parallelt med ein intensjon om å diskutere ivaretaking av psykisk sjuke innsette med både justisministeren og helseministeren. Fengselsinnsette har svært høg førekomst av psykiske lidingar samanlikna med den alminnelige befolkninga. Desse er i ei særs sårbar gruppe av sjuke som i mange tilfelle fell mellom to stolar; helsesektoren og justissektoren. Det er avdekka at isolasjon av psykisk sjuke skjer i stort omfang i fengsel over heile landet.
Mange får ikkje naudsynt helsehjelp i fengsel, og vert avviste av helsevesenet fordi dei ikkje har kapasitet til å følgje opp desse pasientane.
Det er behov for ein felles debatt mellom helse og justis om på kva måte vi kan løyse desse utfordringane og stoppe bruken av isolasjon. Helseministeren er óg minister for pasientgruppa som sit i fengsel. Eg vil sterkt oppmode helseministeren til å møte i Stortinget for å svare på interpellasjonen.