Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1633 (2017-2018)
Innlevert: 22.05.2018
Sendt: 23.05.2018
Besvart: 04.06.2018 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Trollstigen langs fv. 63 er ein av landets best besøkte turistattraksjonar, og vegstykket har status som nasjonal turistveg. På 11 km av strekninga er det ikkje mobildekning. Det er ei trafikktryggingsutfordring på ei utsett strekning med mange trafikkulykker. Fleire instansar har vurdert saka, men forsøket på å få mobildekning eller naudtelefonar hit har ikkje lukkast.
Vil regjeringa ta tak i saka slik at også trafikantane på denne strekninga kan varsle naudetatane om trafikkulykker?

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Eg er oppteken av at folk skal ferdast trygt på norsk infrastruktur. Difor har vi kraftig auka investeringar og vedlikehald av den fysiske infrastrukturen. Samstundes vert forventningane til god digital infrastruktur stadig høgare. Nordmenn er i dag godt vant med å kunne bruke mobiltelefonen der vi bur og der vi ferdast. Den tekniske utviklinga går raskt, og vi bruker stadig fleire mobiltenester når vi ferdast langs vegane og i naturen.
I et globalt perspektiv er både mobil- og breibandsdekning god i Norge, men vi er ikkje i mål med å sikra eit tilstrekkelig godt tilbod alle stadar. Det er framleis nokre vegstrekningar og område med lita busetjing og trafikk, særlig i samband med nasjonalparkar, som ikkje blir dekt av dei kommersielle mobilnetta. Mobildekning langs offentleg veg er ei utfordring nokre stader fordi trafikkgrunnlaget ikkje er godt nok til at mobiltilbydarane finn det rekningssvarande å byggja ut. Regjeringa har i samband med framlegg av forslag til statsbudsjettet for 2017 og 2018 lagt til grunn at ein del av midlane som er løyvde til programmet forsterka ekom over kap. 1380, post 70, skal kunne brukast til dette formålet:
"Tilgang til mobildata og mobilsamtale er viktig i mange situasjoner og sammenhenger. Samferdselsdepartementet legger derfor opp til at Nasjonal kommunikasjonsmyndighet også vil kunne vurdere støtte til mobilutbygging på utfartssteder, vegstrekninger eller lignende der de kommersielle utbyggerne finner det for kostbart å bygge ut, men som likevel har stor betydning for næringsdrift, varsling av hendelser, turisme eller annen samfunnsmessig betydning." (Prop 1 S (2016-2017), Samferdselsdepartementet). Tilsvarande formulering var tatt med i budsjettproposisjonen for 2018.
For den konkrete strekninga fylkesvei 63 mellom Trollstigvegen og 11 km innover fjellet mot Sunnmøre er det vurdert fleire ulike løysingar. Området er utfordrande på grunn av topografi, vernerestriksjonar og lite tilgang til straum (det er ikkje framført elektrisk kraft i området). I tillegg er vegen vinterstengd og det er lite trafikk utanom turistsesongen.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) vurderte i 2017 mogleg støtte til utbygging av betre mobildekning basert på samlokalisering med naudnettet si sendarmast. Nkom konkluderte med at det er særs kostbart å skulle etablere mobildekning for den aktuelle strekninga. Det blei anslått at kostnaden for investeringar, drift og vedlikehald for å dekke kun 60 prosent av strekninga frå ei eksisterande sendemast, vil kunne bli opp mot 35 mill. kr over 10 år. Nkom konkluderte med at denne løysinga ikkje er samfunnsøkonomisk forsvarleg.
Nkom har ikkje vurdert tiltak for ei løysing med 100 prosent mobildekning langs vegstrekninga. Ei løysing med 100 prosent dekning ville bli særs kostbar og krevje lang saksbehandlingstid ettersom løysinga krev etablering av ein basestasjon drifta med aggregat eller framført nettstraum innanfor nasjonalparken sine grenser.
Nkom kom, saman med Fylkesmannen, Direktoratet for naudkommunikasjon og vegmyndigheitene lokalt, fram til ei alternativ løysing som ville gi dei vegfarande moglegheit til å varsle naudetatane ved alvorlege hendingar. Løysinga innebar å plassere ut naudnetterminalar (tilsvarande tunnel-telefoner) som er kobla opp til naudsentral. Telefonane vert drifta med batteri og solceller i sommarsesongen. Etablering og drift av 10 telefonar (ein per kilometer) vil, ifølgje Nkom, koste ca. 1,4 mill. kr over 10 år.
Eg har planlagt å reise til blant anna Trollstigen i slutten av juni. Denne saka kjem til å stå på min agenda då og eg vil ha god kontakt med både Nkom, Statens Vegvesen og andre relevante aktørar for å drøfta kva for løysning som er mest eigna.