Tore Storehaug (KrF): Kan statsråden gje forsikringar om at Kongsvinger vil bli vurdert og utgreia som ein potensiell lokalitet for framtidig politihøgskule på lik linje med andre lokalisjonar?
Begrunnelse
Politihøgskulestudiet på Kongsvinger har svært gode skussmål og øvingssenteret på Sæter er veleigna. I RNB 2018 er det foreslått at studiet på Kongsvinger ikkje blir gjennomført hausten 2018. Dette blir grunngitt med at talet politihøgskulestudentar skal ned frå 720 til 550. Representantar frå regjeringspartia hevdar at ei avklaring av bacheloravdelinga i Kongsvinger ikkje betyr ei forskotering av lokaliseringsspørsmålaet, blant anna i Glåmdalen 28.5.18. Likevel skriv regjeringa i ei pressemelding i forbindelse med RNB at 15 årsverk kan bli berørt av budsjettkuttet. Det er viktig at utgreiinga som skal gjerast om ny politihøgskule er grundig og tar med alle element, då er det naturleg at Kongsvinger og er ein del av denne utgreiinga.