Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1742 (2017-2018)
Innlevert: 04.06.2018
Sendt: 05.06.2018
Besvart: 21.06.2018 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Det hopar seg opp med ubetalte fartsbøter som utanlandske sjåførar, særleg i transportnæringa, skulle ha betalt.
Har samferdselsministeren tatt tak i dette problemet, eller vil han ta grep som kan gjera det mogleg for politiet å drive inn bøtene?

Begrunnelse

Saka handlar om at det er langt lettare å få norske fartssyndarar til å betale enn utanlandske sjåførar som bryt fartsgrensene.
Politiet viser til at dei ikkje har noko felles register over utanlandske køyretøy, og at dei ikkje får forfølgt sakene mot dei utanlandske fartssyndarane som har pådratt seg bøter. Sakene blir såleis berre ståande og hope seg opp i systemet, og det er grunn til å tru at nokon bruker dette til eigen fordel. Det må vera eit klårt politisk mål å ha eit system som unngår at utanlandske transportørar kan få ein konkurransefordel ved at dei kan gi blaffen i fartsbøter og såleis koma raskare fram i trafikken. For trafikksikkerheita sin del er det dessutan grunnleggjande viktig at ikkje éi gruppe sjåførar kan bryte fartsgrensene utan særleg økonomisk risiko. Eg meiner det må finnast ein måte å løyse dette problemet på, og håpar samferdselsministeren kan ta snarleg grep.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Det er sjølvsagt eit mål at fartsbøtar blir betalt. Problemstillinga rundt ubetalte bøter har dessverre vore ei vedvarande sak over lang tid. Nettopp derfor har Regjeringa jobba med problematikken på mange felt. Problemstillinga gjeld jo også innkrevjing av andre bøter og gebyr frå vegsektoren.
Det er Statens innkrevingssentral som krev inn gebyr og bøter ved brot på vegtrafikklovgjevinga. Dei er underlagt Finansdepartementet. Ofte er manglande informasjon om skuldnars adresse årsaken til at fordringar hos utanlandske aktørar ikkje blir betalt. Køyretøy som blir stoppa i kontroll vil man naturligvis normalt finne adresse på, men for køyretøy som blir tatt i automatisk kontroll så har man bare bilete. Noreg har eit godt samarbeid med våre nordiske naboar, men finner det meir utfordrande å skaffe riktig informasjon utanfor Norden. Vi jobbar for å løyse dette.
Det er etablert eit felleseuropeisk system for betre å kunne fylgje opp trafikklovbrot gjort av utlendingar. Systemet gir tilgang til eigar- og køyretøyopplysningar for utanlandske køyretøy som mellom anna har brote fartsreglane. Dette systemet er i drift i EU, men det blir framleis diskutert i EFTA om direktiv 2015/653 som gjeld dette skal inn i EØS-avtala. Eg tek på alvor meldingane frå politiet om at enklare tilgang til slike opplysningar vil gi betre høve til inndriving av krav. Eg vil difor jobbe vidare saman med relevante styresmakter for at dette verktøyet også skal kunne bli brukt i Noreg. Det er likevel grunn til å peike på at verktøyet ikkje vil løyse alle utfordringar, særleg fordi det i Noreg er føraren og ikkje eigaren som straffast.
Eg har elles teke grep for betre inndriving av krav mot utlendingar, mellom anna ved at det no i større grad etter vegtrafikklova er høve til å halde tilbake køyretøy til førelegg eller gebyr er betalt. Dette kan nyttast overfor mange ulike brotsverk, men er likevel i mindre grad aktuelt
for brot på fartsgrensene som i fyrste rekkje blir oppdaga ved automatiske kontrollar.
Eit anna aktuelt verktøy som kan effektivisere kontrollen av vegtrafikklovbrot særleg for utanlandske tunge kjøretøy er tilgang til informasjon som er tilgjengeleg i bompengeforvaltninga, til dømes gjennom AutoPASS. Det er særleg rettslege og personvernmessige utfordringar med dette. Dette ser vi etter løysingar på saman med Vegdirektoratet.