Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1813 (2017-2018)
Innlevert: 12.06.2018
Sendt: 13.06.2018
Rette vedkommende: Kulturministeren
Besvart: 20.06.2018 av kulturminister Trine Skei Grande

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kva har regjeringa gjort for å sikre at beredskapen i Noreg ikkje vil bli råka som følgje av sløkkinga av FM-nettet, og kan statsråden garantere at norske styresmakter vil nå ut til alle landet sine innbyggarar over radio, dersom NATO i ein krisesituasjon skulle ta kontroll over DAB-nettet sitt frekvensområde?

Begrunnelse

Aftenposten avdekkar tysdag 12. juni at konsekvensane i høve sikkerheit og beredskap kan bli store som følgje av nedlegginga av FM-nettet i Noreg. Mellom anna åtvarar tidlegare leiar ved IKT Norge, Per Morten Hoff, mot at norske styresmakter kan få problem med å nå ut til alle landet sine innbyggarar over radio, dersom NATO i ein krisesituasjon skulle ta kontroll over DAB sitt frekvensområde.

Trine Skei Grande (V)

Svar

Trine Skei Grande: Eg vil først peike på at oppslaget i Aftenposten 11. juni, som representanten Navarsete viser til som grunnlag for sitt spørsmål, gir eit lite presist bilete av korleis frekvensar vert forvalta i Noreg, og det er eigna til å skape mistydingar og ugrunna uro over beredskapen i radionettet.
Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) har funne det naudsynt å komme med ein kommentar på si heimeside med overskrifta "Unødig uro om DAB og frekvenser" for å rette på det feilaktige inntrykket Aftenposten har skapt. Dette er heile presiseringa frå Nkom:

"Aftenposten har i en artikkel 12. juni 2018 med tittelen "Norge og NATO «i krig» om det norske DAB-nettet", omtalt hvordan frekvensbruken for de norske DAB-nettene kan være i konflikt med NATOs bruk av frekvenser. Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) finner grunn til å komme med noen viktige presiseringer til denne saken.

- De norske frekvensressursene forvaltes av Nkom. Vårt oppdrag er å sørge for at denne begrensede naturressursen utnyttes effektivt og til det beste for samfunnet.
- Norge som nasjon kan suverent bestemme hvordan frekvensene skal benyttes, så lenge frekvensbruken ikke bryter med internasjonale overenskomster vi har sluttet oss til.
- Alle som skal benytte frekvenser i Norge må ha tillatelse fra myndigheten. Dette gjelder også for militær anvendelse for det norske Forsvaret og våre allierte i NATO.
-De norske kringkasterne har alle gyldig frekvenstillatelse fra Nkom.
- Norge opererer ikke i strid med våre forpliktelser i NATO. Frekvensbruken for de norske DAB-nettene er internasjonalt koordinert og avtalt med over 30 andre europeiske land.
- Nkom gir ikke tillatelse til å bruke frekvenser som forstyrrer norske kringkastingssendinger.

Nkom skal ivareta samfunnets behov for frekvenser og legge til rette for at disse utnyttes effektivt. Dette inkluderer også å ivareta våre forpliktelser gjennom NATO-samarbeidet.
Når allierte NATO-partnere øver på norsk territorium, behandler Nkom et stort antall søknader om frekvensbruk, både i forkant og under øvelsen. Dette er et stort puslespill, og målet er at både de militære skal få øve og at det sivile samfunnet ikke skal bli unødvendig berørt. For eksempel skal alle som bruker mobilen i dagliglivet, fortsatt kunne bruke den selv om militære styrker øver.
I størst mulig grad legger vi til rette for at NATO kan gjennomføre øvelsen Trident Juncture som planlagt, ved bruk av de frekvensene det er behov for. Militær frekvensbruk er tildelt egne dedikerte frekvensbånd, men fungerer også i naboskap med sivile brukere. Dette fungerer godt, og deling av frekvensressursene legger til rette for effektiv bruk.
Ved større øvelser der mange bruker utstyr og nett samtidig, vil det alltid være en viss sannsynlighet for at lokale forstyrrelser kan oppstå. Forstyrrelser kan skje ved feil bruk eller at det er feil på utstyret. Slike forstyrrelser kan påvirke sivile systemer som for eksempel kringkasting og mobilnett. For å minske sannsynligheten for forstyrrelser er Nkom aktivt involvert i planleggingen av høstens store øvelse og har beredskap dersom forstyrrelser likevel oppstår."
På bakgrunn av denne utgreiinga er det etter mi meining ikkje grunn til å uroe seg over at NATO skal "ta kontroll over DAB-nettet sitt frekvensområde" eller at forvaltinga av frekvensar i Noreg ikkje handterer utfordringar for beredskapen i samband med store militære øvingar på ein god måte. Det inneber ikkje at ein heilt kan sjå bort frå at det vil oppstå forstyrringar som følgje av situasjonar ein ikkje er budd på.
Beredskapsomsyn har vore eit viktig tema i samband med digitalisering av radio i Noreg. I Meld St. 8 (2010-2011) Digitalisering av radiomediet, som la grunnlaget for digitalisering av radio i Noreg, viser departementet til at radio i kraft av stor rekkjevidde tradisjonelt har spelt ei viktig rolle i informasjonsberedskapen til styresmaktene. Beredskapsomsyn tilseier at NRK P1, som er definert som beredskapskanal, dekkjer tilnærma heile befolkninga, og at distribusjonsnettet må vere robust, redundant [fotnote 1] og ha rom for reserveløysingar.
Styresmaktene stilte strenge dekningskrav som vilkår for sløkking av FM-signal. Med assistanse frå Nkom er dekninga vurdert slik at desse krava er oppfylt. I DAB-nettet har såleis alle NRK-kanalar i dag ei befolkningsdekning som er høgare enn den NRK P1 hadde i FM-nettet. NRK har til no sett opp om lag 1100 sendarar i DAB-nettet, men supplerer framleis dekninga. NRK reknar med å sette opp om lag 20 nye sendarar i 2018 for å sikre enda betre dekning rundt om i landet.
Med DAB kan også vegstyresmaktene nå fram med naudmeldingar til alle som lyttar på radio, uavhengig av kva kanal mottakaren er innstilt på. Alle tunnelar som hadde FM skal få DAB-dekning. Beredskapen i tunnelar blir dermed betre fordi alle kanalar, og ikkje berre P1, vil vere tilgjengelege.
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) publiserte i desember 2016 ein rapport om beredskapen og overgangen til DAB som konkluderte med at DAB-nettet vil vere teknisk meir robust enn det dåverande FM-nettet. Ein viktig årsak er at DAB-nettet har separat mating av kvar sendar, medan delar av FM-nettet var bygd opp i kjede, der utfall i ein sendar kunne innebere at sendarar nedanfor i kjeda fall ut. Vidare har NRK dobbel dekning av utstyr på stasjonar med sendarar som dekkjer meir enn 5000 personar. I tillegg har desse stasjonane reservekraft og reservemating. Sendarar med dobbel dekning dekkjer til saman 90 pst. av befolkninga. NRK stiller dessutan i sine distribusjonsavtalar med Norkring strenge krav til oppetid for NRKs kanalar. Avtalen inneheld mellom anna eit oppetidskrav i heile DAB-sendarnettet på 99,90 prosent på årsbasis (på FM var kravet 99,80). Total oppetid [fotnote 2] for alle NRK sine kanalar i 2017 var 99,97 prosent.
NRK rapporterte til KUD etter sløkking av FM i kvar region. Rapportane tok for seg status når det gjeld kontroll og utbetring av dekninga, talet på publikum som har teke kontakt og korleis NRK har svart. På same måten har Vegvesenet rapportert om status for utbygginga av DAB i tunnelar i kvar region. Det er ikkje meldt om store avvik i desse rapportane.
I sum inneber dette at DAB-nettet sikrar beredskapsomsyn på ein betre måte enn FM-nettet gjorde.
Eg vil til slutt nemne at dåverande justis- og beredskapsminister i desember 2016 i samband med eit representantforslag om å utsette sløkking av FM, informerte Stortinget særskilt om korleis beredskap er ivaretatt i samband med overgangen frå FM til DAB. Som svar på anmodningsvedtak nr. 111 (2016-2017) frå Stortinget i same sak gjorde regjeringa i Prop. 129 S (2016-2017) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2017 greie for korleis mellom anna beredskapsomsyn er tatt hand om i prosessen med sløkking av FM-nettet.

-------------------------

Fotnoter:

[1] Enkelt sagt inneber det at nettet er bygd slik at to eller fleire komponentar utfører den same eller parallelle oppgåver. Feil på ein av dei to komponentane vil såleis ikkje påvirke framføringa av signalet.
[2] Brot som Norkring ikkje har kontroll over, som til dømes svikt i ekstern kraftleveranse er ikkje tatt med i utrekninga av oppetid.