Helge André Njåstad (FrP): Er statsråden enig i at Stord kommune kan setje i gong ein prosses med sikte på å lande denne saka på ein fornuftig måte?
Begrunnelse
I Stord i Hordaland er det bygd eit bygg til 53 millionar kroner som er tiltenkt utleid til Biltema. Kommunen har godkjent bygget og fylkeskommunen har også handsama saka og stilt seg positiv. Fylkesmannen i Hordaland klagde på saka i ettertid av at bygget er reist og oppheva kommunen sitt ja vedtak. Settefylkesmann stadfesta nylig dette vedtaket. Eg meiner det er urimeleg at eit så stort næringslokale som er lovleg ført opp skal ståast tomt pga. slik saka står no. Det må vera mogleg å finne ei løysing der kommunen kan handsama saka på ny og sikre at det er mulig å få til den aktiviteten man lokal og regionalpolitisk ynskjer.