Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til næringsministeren

Dokument nr. 15:1853 (2017-2018)
Innlevert: 15.06.2018
Sendt: 18.06.2018
Besvart: 25.06.2018 av næringsminister Torbjørn Røe Isaksen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kva tid vil utgreiinga om norske løns- og arbeidsvilkår i norske farvann vera ferdig?

Begrunnelse

Det er no eit år sidan stortinget påla regjeringa å utgreie norske løns- og arbeidsvilkår i norske farvann.
I Stortingsdebatten 21. juni 2017 sa dåverande næringsminister Monica Mæland:

"jeg kan love at vi ikke trenger lang tid på disse utredningene.
Det finnes utredning på 1970-tallet, på 1980-tallet, på 1990-tallet og på 2000-tallet. Vi vet svaret på veldig mange av disse spørsmålene, så det skal ikke ta lang tid."

Det er ynskjeleg å få vite kva som er gjort i saka så langt. Og "ikke trenger lang tid" er vanlegvis ikkje eit omgrep som vert nytta om noko som tek meir enn eit år.

Torbjørn Røe Isaksen (H)

Svar

Torbjørn Røe Isaksen: Både tidlegare næringsminister Monica Mæland og eg har ynskt å gjennomføre gode og grundige prosessar med arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida. Eg hadde eit nytt møte med partane 2. mai 2018 for å diskutere mandatet for utgreiinga om norske løns- og arbeidsvilkår. Mandatet er no ferdig, og eit utgreiingsoppdrag vil om kort tid leggjast ut på offentleg anbod. Me tek sikte på at utgreiinga skal vere ferdig fyrste halvdel av 2019. I mandatet går det mellom anna fram at partane skal inngå i ei referansegruppe. Gruppa skal medverke til at relevante problemstillingar vert belyste. Referansegruppa skal konsulterast ved oppstart av oppdraget, ved ein midtvegsgjennomgang, og i sluttfasen. Prosessen knytt til utforminga av mandatet har teke noko tid, men eg synest det har vore viktig å sikre ein grundig prosess der partane er involverte.