Kjersti Toppe (Sp): Vil statsråden sikre at Nordhordland lensmannsdistrikt får styrka sine stillingar i tråd med lovnadene i nærpolitireform slik at dei kan oppretthalde responstid og patruljetenesta også i utkantane der lensmannskontor er blitt lagt ned, og oppretthalde kapasiteten til etterforsking, og kan statsråden sikre at kuttet på sju politistillingar som er kommen som følgje av reforma, og som i følgje lensmannen betyr at dei har mista ein betydeleg del av mannskapsstyrken, blir reversert?
Begrunnelse
Viser til oppslag i Strilen 19. juni 2018 om at nærpolitireforma går ut over tryggleiken og beredskapen i Nordhordland. I dette distriktet er lensmannkontora i Gulen, Solund, Masfjorden og Austrheim ofra for at den lokal kabalen skulle gå opp i den nye nærpolitireforma. Ein blei fortalt at ein måtte spare på kontora for å behalde stillingane. No slit Nordhordland lensmannskontor med å klara patruljetenesta på grunn av mangel på folk. Det er utkantane som får svi for dette, både når det gjeld førebygging og responstid når alarmen går. Også kapasitet til etterforsking vert skadelidande. Lensmann stadfestar at Nordhordland lensmannsdistrikt har blitt redusert med sju politistillingar sidan samanslåinga med Gulen, Masfjorden og Solund lensmannsdistrikt og innføring av Nærpolitireforma 1.januar i år.