Skriftlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:2029 (2017-2018)
Innlevert: 08.08.2018
Sendt: 08.08.2018
Besvart: 16.08.2018 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Kva vil statsråden gjere for at unge i same situasjon som rogalendingen i VG skal kunne fullføre fagbrev eller kome ut i arbeid?

Begrunnelse

Viser til VG 08.08.18 om en 25 år gamal kvinne frå Åna-Sira i Rogaland som gjerne vil ta fagbrev og kome ut i ordinært arbeid. I stedet er hun for fjerde året på rad i varig tilrettelagt arbeid (VTA), noko som gjer at hun lever av uføretrygd og ein motivasjonsløn på 28 kr. per time.

Anniken Hauglie (H)

Svar

Anniken Hauglie: Representanten viser til ein avisartikkel om ei 25 år gamal kvinne med funksjonshemming som ønskjer å ta fagbrev og få ein ordinær jobb. I staden har ho fått uføretrygd og ein varig tilrettelagd arbeidsplass i ei ordinær verksemd.
Slik eg forstår spørsmålet, så ønskjer representanten ei tilbakemelding på kva Regjeringa har gjort eller vil gjere for å legge til rette for at unge med nedsett funksjonsevne kan gjennomføre fagopplæring, få læreplass og ta fagbrev. Svaret er utarbeidt i samråd med Kunnskapsdepartementet.
Tilbod om vidaregåande opplæring, medrekna fagopplæring, er i utgangspunktet er eit fylkeskommunalt ansvar. Det gjeld og der det er behov for tilrettelagt opplæring. Fylkeskommunen har eigne tilskotsordningar for bedrifter som tek inn lærlingar og lærekandidatar. I tillegg til det ordinære lærlingtilskotet finst det også ei eiga tilskotsordning for bedrifter som tek inn lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov. Tilskotet skal stimulere lærebedrifter til å gi lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar med særskilde behov moglegheit til å oppnå ei fagutdanning eller delar av ei fagutdanning.
I 2017 fekk 20 800 yrkesfagelever læreplass i ei bedrift. Aldri før har så mange elevar fått læreplass sidan målingane starta i 2011. Talet utgjer 72 prosent av dei som søkte, og dette er det høgaste prosenttalet som er registrert.
For brukarar som av ulike grunnar ikkje kan gjere bruk av det fylkeskommunale tilbodet, er det viktig at Arbeids- og velferdsetaten har eit tilbod om fagopplæring. Dette tilbodet er knytt til NAVs opplæringstiltak.
Fagopplæring kan gis innanfor rammene til alle NAVs opplæringstiltak. Det gjeld arbeidsmarknadsopplæring (AMO-kurs) med ein varighet på inntil eitt år, og innanfor eit nytt opplæringstiltak som kom i gong i 2016 med ein varighet på inntil to år. Dette siste tiltaket blei oppretta for å styrke tilbodet til Arbeids- og velferdsetaten om fag- og yrkesopplæring på vidaregåande nivå. Tiltaket er innretta mot arbeidssøkjarar med svake formelle kvalifikasjonar eller svake grunnleggjande kunnskapar som står utan rett til vidaregåande opplæring i det ordinære utdanningssystemet. Vidare kan personar med nedsett arbeidsevne som får støtte til treårig ordinær utdanning, også ta fagopplæring. Dette er såleis alle opplæringstiltak som gjer det mogelig for arbeidssøkjarar å få fagopplæring i bedrift.
For brukarar med store og samansette bistandsbehov, blei det frå 1. oktober 2016 sett i verk eit nytt tiltak, arbeidsførebuande trening (AFT). Erfaringar viser at det er arbeidssøkarar som kan ha behov for ein periode med utprøving og motivasjonsarbeid i eit skjerma og tilrettelagt arbeidsmiljø før dei er klare for eit langvarig opplæringsløp.
For brukarar som treng ekstra oppfølgingsbistand når dei mellom anna gjennomfører fagopplæring, er det gjort endringar i mentorordninga frå og med 1.01.2018. Ein mentor kan gje praktisk hjelp, rettleiing og opplæring i arbeidsrelaterte kunnskapar, tilpassa den einskilde deltakaren sine individuelle behov. Endringane inneber at godkjende lærebedrifter kan få tilskot til mentor i tillegg til andre lærlingtilskot frå fylkeskommunen.
Det er opp til NAV i kvart einskild tilfelle å avgjere val av arbeidsmarknadstiltak. For nokre kan tiltak som mellom anna arbeidsførebuande trening vere ei god førebuing eller eit godt alternativ til eit lengre og krevjande lærlingløp.
Regjeringa har derfor gjort mange grep for å legge betre til rette for at fleire kan gjennomføre fagopplæring og ta eit fagbrev, men vi er ikkje i mål.
I Regjeringa sin inkluderingsdugnad vil vi sjå nærare på korleis denne opplæringa kan bli enda betre. Fylkeskommunen sit med hovudansvaret, men vi vil og sjå på korleis samarbeidet mellom NAV og fylkeskommunen om fagopplæring kan styrkast.