Kjersti Toppe (Sp): Vil statsråden ta initiativ til ei endring i ordninga med tilleggskrav for helsepersonell utdanna utanfor EØS og Sveits, sikre at det vert gjennomført årlege tilbod om å ta fagprøve for dei kandidatane som treng det, uavhengig av kor mange påmeldte det er, sikre betre retningslinjer for kva ein fagprøve skal bestå av, og vurdere behovet for om kandidatar frå alle land utanfor EØS og Sveits må gjennom den same kravlista for å få godkjenning?
Begrunnelse
Spørsmålsstillar er blitt kontakta av ei norsk kvinne utdanna til lege i Australia, som ikkje får lisens til å arbeide som fastlege i Norge fordi ho ventar på å få tatt fagprøven, som er ein del av dei nye tilleggskrava for helsepersonell utdanna utanfor EØS og Sveits. Tilleggskrava består av; språktest, kurs i nasjonale fag, legemiddelregning og fagprøve. UiO har forsøkt å arrangert denne fagprøven tre gonger sidan 01.01.17, men det har enno ikkje vore nok påmelde. Dei treng 5 for å holde prøven. Sidan prøven ikkje er arrangert før, er det ingen tidlegare eksamen å vise til , og kandidatar som må betale omlag 50 000 norske kroner for å ta fagprøven, etterlyser også meir informasjon om kva fagprøven skal innehalde.
Det er og reist spørsmål om det er nødvendig å vurdere alle kandidatar frå land utanfor EU/EØS og Sveits med same krav.
Norge har behov for fastlegar, og dersom godkjenning av norske legar utdanna i land utanfor EU/EØS tek lang tid, er det uheldig for den det gjeld, men også uheldig for norsk helsevesen.