Geir Pollestad (Sp): Kva dialog har det vore med ESA om «sukkeravgifta» sidan den vart vedteken, og kva signal har regjeringa fått om saka frå ESA?
Begrunnelse
NHO og Hval sjokoladefabrikk har begge klaga til ESA på «sukkeravgifta». NHO har klaga på auken på 83 % og Hval sjokoladefabrikk har klaga på heile avgifta.
Næringskomiteen besøkte ESA under sitt besøk i Brussel i april. Her orienterte ESA om sitt arbeid med saka og konsekvenser om dei kom til at avgifta slik den er innretta var ulovleg statsstøtte. Det er ynskjeleg å få oversikt over den kontakten som har vore i mellom regjeringa og ESA om saka i form av møter, brev og anna kontakt og innhaldet i denne kommunikasjonen. Det er ynskjeleg å få oversyn over møtereferat, brev og anna relevant informasjon i saka.