Jenny Klinge (Sp): Målet må vera at dagens system for å melde inn sal og kjøp av våpen fungerer tilfredsstillande. Det kjem likevel tilbakemeldingar om at kjøparar av våpen ventar i månadsvis på å få utstedt våpenkort.
Kva skuldast dette, og meiner justisministeren at det er greitt at det tek så lang tid å få våpenkort?
Begrunnelse
Eg har fått opplysningar frå ein våpenforhandlar om at kundar av han rapporterer om problem knytt til å få våpenkort. I ein e-postkorrespondanse med ein saksbehandlar ved våpenkontoret i Trøndelag, går det fram at ein kunde endå ikkje hadde fått våpenkort på eit våpen han kjøpte i juni, i og med at dette endå ikkje var lagt inn i det nasjonale registeret seint i august. Dette sjølv om det var sendt inn to inntaksmeldingar samt ein kvartalsrapport til Oslo PD i mellomtida. Eg tek med opplysningane om det praktiske i saka fordi eg meiner det er relevant for justisministeren å vera kjent med prosedyren – og kritikken av denne.
Våpenforhandlaren sitt siste punkt handlar om innførsel av våpen frå utlandet for vidaresal, noko forhandlaren gjer ofte. Slik prosedyren er internt i politiet no, opplyser forhandlaren, får dei tilsendt eit gebyrbrev via brevpost når innførselssøknadene er godkjente. Dette må dei bokføre, betale manuelt, og så må politiet vente til dei mottar pengane på konto før dei sender dei påteikna innførselsdokumenta til forhandlaren i posten. Kva som er lang saksbehandlingstid og ikkje er avhengig både av subjektiv vurdering og av om noko reelt hastar, reint praktisk.
For dei dette gjeld, hastar det faktisk, fordi dei ofte må ha dette raskt for å få gjennomført fortollinga.
Problemstillingane som er skildra over påverkar både forbrukarane og dei profesjonelle aktørane i ein ganske stor bransje. Når representantar for denne bransjen viser til at det burde vore mogleg å finne system i det offentlege som kan fungere betre, meiner eg det er nyttig at justisministeren blir kjent med problematikken og at han såleis kan velje å gjera nødvendige tiltak.