Hadia Tajik (A): Kva er det økonomiske omfanget av avtaler mellom helseforetaka og Aleris, og vil helseministeren undersøke om det finnes andre, større, avvik i pris mellom behandling i offentlege sjukehus og behandling ved ein Aleris-klinikk, slik det er dokumentert for augesjukdommen våt AMD?
Begrunnelse
Helse Sør-Øst har avtale med Aleris om behandling av augesjukdommen våt AMD. I Bergens Tidene 29. august 2018 kjem det fram at ein behandling kostar seks gangar meir på ein Aleris-klinikk, enn ved eit offentleg sjukehus.
Aleris har offentlege avtaler med dei fire helseforetaka på klinikkar over heile landet, mellom anna innan ortopedi, radiologi, øyre-nase-halse, augesjukdommar, urologi og generell kirurgi.