Hadia Tajik (A): Kva meiner statsråden om ein situasjon i helse- og sosialtenestene der personar som før ville vore tilsett/ arbeidstakar, heller vert bedt om å opptre som sjølvstendig næringsdrivande/ oppdragstakar, og er statsråden uroa for ei utvikling der offentleg velferd i større grad vert utført av sjølvstendig næringsdrivande/ oppdragstakarar framfor fast tilsett?
Begrunnelse
Aleris gjennomfører helse- og sosialtenester med ulike offentlege oppdragsgivarar, der tenestene vert utført av sjølvstendige næringsdrivande/ oppdragstakar. Fagforeininga deira, Fagforbundet, har den siste tida framlagt påstandar om grove brot på arbeidsmiljøloven, ein arbeidsgivar som organiserer seg vekk frå arbeidsgivaransvaret og medarbeidarar som gjer oppgåver som går langt utover kva man kan krevje av ein arbeidstakar.
Selskapet Din Utvikling er ein av NAV sine eksterne leverandører av tiltak, og som fyrst valde å gjennomføre tiltak med rettleiarar som hadde status som sjølvstendig næringsdrivande/ oppdragstakar framfor arbeidstakar. Ei utgreiing frå advokatfirmaet Wiersholm på oppdrag frå Arbeids- og velferdsdirektoratet, konkluderte med at ein rettleiar er å rekne som arbeidstakarar slik arbeidsmiljølova og andre lovverk definerer dette. Bruken av sjølvstendig næringsdrivande var derfor i strid med norsk lov, og dei sjølvstendig næringsdrivande har i ettertid fått tilbod om å verte arbeidstakar i selskapet, med tariffavtale.