Skriftlig spørsmål fra Siv Mossleth (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2217 (2017-2018)
Innlevert: 07.09.2018
Sendt: 07.09.2018
Besvart: 14.09.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Siv Mossleth (Sp)

Spørsmål

Siv Mossleth (Sp): Når blir industrien og virkemiddelapparatet sterkt involvert i opprettelsen av praktiske oppgaver og FoU på Fiskebøl, og når kommer de første ansatte lokalisert på Fiskebøl?

Begrunnelse

Det ble bevilget 27,3 mill. kroner til et oljevern- og miljøsenter i Lofoten og Vesterålen i et nytt kap. 1362 i2018. Det har tidligere vært bevilgninger til arbeidet med en miljø-/oljevernbase under andre poster gjennom flere år, og det er gjennomført en undersøkelse som bekrefter tanken om at storskala/fullskala testing ved bruk av sjøarealer er relevant for industrien. Mange aktører har vist interesse for og pekt på muligheter knyttet til etablering av testfasiliteter.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Senter for oljevern og marint miljø (SOMM) skal vere eit nasjonalt og internasjonalt kompetansesenter for arbeidet med oljevern og mot marin forsøpling. Initiativet til dette senteret kom frå vår regjering fordi vi ønska å styrke innsatsen når det gjeld oljevern og marint miljø. Eg er difor glad for at vi har fått etablert senteret, og at vi har sikra ei god framdrift. Eg er og oppteken av at aktiviteten på Fiskebøl i regi av senteret skal være i gang så raskt som mogleg.
SOMM skal i 2018 etablerast med nødvendig kompetanse og system for å sikre ei forsvarleg drift. Direktør vart tilsett 1. februar 2018 og første halvår blei brukt til etablering av organisasjonen med system for drift, tilsetjingar, skaffe lokale samt kontakt med aktørar på felta oljevern og marin forsøpling innan offentlig forvalting, næringsliv, forsking og ideelle organisasjonar.
SOMM har i tildelingsbrev av 13. juni 2018 fått i oppdrag å starte arbeidet med å utgreie ei etablering av fasilitetar for testing av oljevernteknologi i Fiskebøl, slik sluttrapporten for utgreiinga av senteret anbefaler. Sluttrapporten anbefalte at testfasilitetar bør vurderast gjennom ei eiga utgreiing eller eit forprosjekt som involverer industrien og verkemiddelapparatet sterkare frå start. Utgreiinga vil ta utgangspunkt i senterets hovudoppgåver innan oljevern og marin forsøpling, men vil også sjå breiare på muligheitsrommet for testfasilitetar, inkludert synergiar mellom områda. Utgreiinga vil søke å belyse alle nødvendige problemstillingar, og vil involvere samarbeid og behovskartlegging med relevante brukarar.
Eg meiner at eit grundig arbeid i denne fasen vil gjere testfasilitetar på Fiskebøl meir robust. Det er difor på dette tidspunkt for tidleg å seie nøyaktig når det vil bli oppretta praktiske oppgåver og arbeidsplassar på Fiskebøl.