Skriftlig spørsmål fra Cecilie Myrseth (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2301 (2017-2018)
Innlevert: 18.09.2018
Sendt: 18.09.2018
Besvart: 25.09.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Cecilie Myrseth (A)

Spørsmål

Cecilie Myrseth (A): Når det gjelder E8 Sørbotn-Laukslett i Ramfjorden, er statsråden villig til å også vurdere reguleringsplanforslaget om traseen som går langs vestre side av Ramfjorden, for å sikre det viktigste, nemlig at veien blir bygget så raskt som mulig?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Eg vil vise til at Samferdselsdepartementet har gitt Statens Vegvesen og Nye Veier AS i oppdrag å gjennomføre ein gjennomgang av kostnadane for prosjektet E8 Sørbotn-Laukslett i Ramfjorden i Troms. Bakgrunnen for at departementet ynskjer ei slik gjennomgang er mellom anna den store kostnadsauka som har funne sted i arbeidet med reguleringsplanen. Fristen for oppdraget er sett til 1. oktober 2018.
Departementet har i oppdraget gjort det klart at traseen for E8 skal gå på austleg side av fjorden, og eg legg difor til grunn at utgreiinga har fokus på dei ulike traséalternativa på denne sida av fjorden.
Eg vil forsikre om at departementet har fullt trykk på saka, og legg opp til å finne ei snarleg løysing slik at prosjektet kan realiserast i tråd med føresetnadane i NTP 2018-2029.